Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2006-10-23


Ordskifte om Forsvaret si framtid

Kva for eit forsvar treng Noreg? Det er temaet for ein konferanse Forsvarsstaben arrangerar onsdag. – Me vonar dette blir eit kontruktivt bidrag til debatten om framtida til Forsvaret, seier arrangøransvarleg Pia Solhaug Width.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

Foto: Forsvaret
KVA SLAGS FORSVAR: Dug Forsvaret til å ivareta Noreg si suverenitethevding? Det er eit av fleire tema som skal handsamas på konferansen. Arkivfoto: Forsvaret.

Forsvarsstaben inviterer til konferansen på vegne av Forsvarssjefen.
– Forsvaret har gått gjennom store endringar dei siste åra, og arbeidsoppgåvene er ikkje lenger dei same som tidlegare. Dette er bakgrunnen for konferansen me har kalt "Hvilket forsvar trenger Norge?", fortel orlogskaptein Width i Forsvarsstaben.

Publikum får på konferansen høyre foredrag av professor Janne Haaland Matlary. Hennar foredrag tek utgangspunkt i Nato si betydning for tryggingpolitikken her nord. I tillegg til foredraget til Matlary skal forsvarssjef Sverre Diesen halde foredraget ”Fra mobiliseringsforsvar til innsatsforsvar”, og generalmajor Bernt I.F. Brovold som er generalinspektør for Heimevernet, skal i sitt foredrag sette søkjelyset på Heimevernet si nye rolle og veien framover.

Viktig ordskifte
– For Forsvaret er det viktig at forsvarsspørsmål blir debattert. Forsvaret har vore igjennom store organisatoriske endringar, noko som er blitt lagt merke til ikkje berre innad i Forsvaret, men og i samfunnet. Ein konferanse som dette gjev rom for å ta opp spørsmålet om kva slags veg Forsvaret skal gå framover, orlogskapteinen.

I ordskiftet som skal følgjer etter dei ulike innlegga, skal politikarane Odd Einar Dørum (V), Morten Høglund (FrP), Jan Petersen (H), Stein Ørnhøi (SV) og Signe Øye (Ap) debattere problemstillinga: Kva for ein veg skal Forsvaret gå i framtida? Paneldebatten blir leia av Terje Svabø.

Stor interesse
Arrangøren fortel at interessen for konferansen er stor.
– Det blir full sal på Oslo Militære Samfund. Det kjem gjestar frå fleire departement og mange organisasjonar, Stortinget og Forsvaret. Det er tydeleg at dette er eit tema som mange er interesserte i, konkluderer orlogskaptein Pia Width.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.


Dokumenter




Invitasjon til forsvarskonferanse (pdf)