Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2006-10-24


Traff trønderske FN-veteranar

Forsvaret sin veteranadministrasjon held regionale møter med FN-veteranar. I forrige veke var representanter i Trondheim for å møte veteranane.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter


SAMARBEID: Forsvaret sin veteranadministrasjon og FN-veteranane sitt landsforbund samarbeider om arbeidet retta mot veteranane. (Arkivfoto: Forsvarets mediesenter)

Møtene mellom Forsvaret og veteranane skjer hjå eit samarbeid mellom Forsvaret sin veteranadministrasjon og FN-veteranane sitt landsforbund.
- Målsetjinga er å skipe sosiale nettverk og bidra til å pleie kameratskapet veteranene imellom, seier Lars Reiermark, informasjonssjef i Forsvaret sin veteranadministrasjon.
Veteranadministrasjonen la stor vekt på å informere om korleis dei kan støtte veteranane i framtida og kva for oppgåver dei skal jobbe med.
- Det var godt å få treffe dei 38 veteranane vi møtte i Trondheim, og vi fekk gode tilbakemeldingar. Slike treff gjer at relasjonene mellom administrasjonen og dei ulike veterangruppane styrkast, og at vi får eit regionalt kontaktnett. Derfor skal vi og vitje fleire stader i Noreg der vi veit det er organiserte veterangruppar, sier Lars Reiermark, informasjonssjef i Forsvaret sin veteranadministrasjon.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.