Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2006-10-26


Vil trygge forsvarsviljen

– Vi må tufte forsvarspolitikken på eit internasjonalt tryggingsarbeid og ved å oppretthalde ei allmenn verneplikt, sa Signe Øye (Ap) i Oslo Militære Samfund onsdag.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

Foto: Vegard Breie, FMS
PANELDEBATT: I panelet satt (f.v.) Odd Einar Dørum, Jan Petersen, Signe Øie, Morten Høglund og Stein Ørnhøi.

– Verneplikta må ligge i botn. Om den ikkje gjer det, er eg redd forsvarsvilja vil smuldre bort, fortsatte Øye.

Tidlegare under konferansen ”Hvilket forsvar trenger Norge?” hadde forsvarssjef Sverre Diesen og generalinspektøren for Heimevernet, generalmajor Bernt Brovold, gjort rede for omstillinga av Forsvaret generelt og Heimvernet spesielt. Dei viste til innsatsen som var gjort for å omskape eit statisk mobiliseringsforsvar til mobile og slagkraftige innsatsstyrkar.

Forsvaret har dei siste fem åra lagt ned ein formidabel innsats for å bygge opp relevante og deployerbare kapasitetar. Pofessor Janne Haaland Matlary tok for seg suvernitet, maktaanvending og internasjonal status. Eit panel sett saman av Odd Einar Dørum (V), Morten Høglund (FrP), Jan Petersen (H), Stein Ørnhøi (SV) og Signe Øye (Ap) diskuterte kva for retning Forsvaret skal gå i framtida.

Fastslo ubalanse
Det mest oppsiktsvekkande var at samtlege av politikarane meinte at Noreg har eit forsvar i ubalanse. Stein Ørnhøi meinte at politikarane er kløyvd i kor mykje ein skal satse på deltaking i internasjonale operasjonar, samstundes som ein ynskjer styrka nærvær i Nordområda.
– Dersom vi politikarar kan bli samd om kva Forsvaret skal nyttast til, er ikkje eg uvillig til å auke forsvarsbudsjettet, sa Ørnhøi, til ein noko overraska møtelyd.

Lite strid om Afghanistan-saka
Morten Høglund frå Framstegspartiet sa at Noreg har større utfordringar knytta til Forsvaret enn å diskutere om ein skal sende spesialsoldatar til Afghanistan.
– Vi må ikkje gløyme heimlege oppgåver. Vi må vere budd på i større grad å ta ansvar for å ivareta forsvaret av Noreg, meinte han.

Jan Petersen sa politikarane må vere forsiktige med å setje opp deltaking i internasjonale operasjonar opp mot nasjonale oppgåver, og han la vekt på at Noreg må syte for å oppretthalde den transatlantiske bininga ved å ta sin del av byrda.

Debatten avslørte ikkje eit veldig stort sprik mellom representantane, og ordstyrar Terje Svabø måtte nærmest be dei syne kor dei skilde lag i forsvarspolitikken.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.