
|
Held mottaking for Garden
– Garden er ein kjend og kjær del av bybiletet. Ja, på mange vis hovudstaden si eiga avdeling i Forsvaret. Vi ynskjer å gje gardistane den heder og merksemd dei fortener, seier Per Ditlev-Simonsen, ordførar i Oslo.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

| | EIN DEL AV BYBILETET: Oslo-ordføraren reknar Garden som ein særs viktig og flott del av Oslo. Arkivfoto: Torgeir Haugaard. |
På onsdag er det på dagen 150 år sia Garden vart oppretta i Stockholm. 1. november 1856 danna eit kompani frivillige frå det Norske jegerregimentet ei gardeavdeling som skulle syte for vakthald kring kong Oscar I.
– Soleis er Garden den eldste ståande eininga i Hæren, fortel kaptein Geir Løvhaug, presse- og informasjonsoffiser i Garden.
Løvhaug seier at dagen skal feirast med ei oppstilling i gardeleiren på Huseby klokka 9.30, og seinare på dagen ved at om lag 900 gardistar dreg til Oslo rådhus for ei mottaking med lunsj, talar og framføring av "Gardevisen". Kven veit om ikkje verten òg kan stemme i songen. Ordføraren har sjølv bakgrunn som gardist.
Familiær avdeling
– Ja, det er riktig. Eg var gardist i 1951–52 då eg tok sersjantkurs. Kurset vart gjennomførd i leiren på Huseby der eg var gardist. Far min og fire onklar av meg har også vore gardistar. Eg kan også nemne at eg vaks opp på Røa, så eg visste frå tidleg av kven gardistane var og kor dei heldt til. Eg må vel kunne seie at Garden har vore ein faktor i mitt liv so lenge eg kan kome på, seier Per Ditlev-Simonsen.
Ordføraren seier at Garden har mykje å seie for Oslo.
– Avdelinga er viktig for Oslo. Garden er ei viktig del av bybiletet, ikkje minst ved dei mange ulike statstilhøva som finn stad i hovudstaden. Det er ei flott avdeling som kombinerar stil samstundes med at dei gjennomfører eit viktig oppdrag med vakthaldet av kongefamilien, påpeikar han.
Møte med Oslo
Per Ditlev-Simonsen er også oppteken av at Garden er for mange det fyrste verkelege møtet med hovudstaden.
– Mange ungdommar frå heile landet bur og arbeidar i Oslo for fyrste gong som gardistar. Eg håpar og trur at tenesta gjev meirsmak av hovudstaden, seier han.
No ser han fram til mottakinga på onsdag, der Oslo kommune skal gjere stas på gardistane. Ordføraren legg ikkje skjul på at han er stolt over sjølv å ha vore gardist.
– Ein gong gardist, alltid gardist, sluttar han.
|

|