Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Randi Ellingsen, 2006-11-02


Flott markering i Rådhuset

Ordførar Per Ditlev Simonsen ønska på vegne av Oslo kommune H.M. Garden velkommen til mottaking i Oslo rådhus i anledning Gardens 150-årsjubileum.

Av Frank Rosvoll og Torgeir Haugaard (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Torgeir Haugaard, FMS
FESTSAMLING: I staselege uniformar var H.M. Garden samla i Storsalen i Oslo rådhus for å feire Gardens 150-årsjubileum.

– Oslo sine innbyggarar er stolte av dykk, sa ordføraren til om lag 900 gardistar som var samla i Storsalen i rådhuset.

– Til lukke med dagen
Det var dekt til med fingermat og god drikke då gardistane strauma inn i den flotte salen. Ordføraren sa i sin tale til Garden at Storsalen vart bygd i høve dei store anledningane, og at markeringa av stiftinga av avdelinga var akkurat det.

– Garden er truleg mest kjend som vaktarane av Slottet blant folk flest. Oslo by hadde ikkje vore den same byen utan Garden. Ein kan til dømes ikkje førestille seg 17. mai i Oslo utan dykk. På byen sin vegne og meg sjølv ønsker eg dykk til lukke med dagen, sa Ditlev Simonsen.

Foto: Torgeir Haugaard, FMS
GRATULASJONAR: Gardesjef Ingrid Gjerde mottok gratulasjonar frå Oslos ordførar Per Ditlev Simonsen.

Gardesjefen takka
Gardesjefen, oberstløytnant Ingrid Gjerde, takka ordføraren for dei gode orda. Ho kvitterte med å seie at det er eit privilegium å tenestegjere i hovudstaden, og ikkje minst å bli gjort stas på i sjølvaste Rådhuset på den store dagen.

Forsvarets stabsmusikk sytte for at gardistane denne gongen fekk vere tilhøyrarar til flott musikk.

Foto: Torgeir Haugaard, FMS
MUSIKK: Garden er kjend for sitt korps, men denne gangen var det Forsvarets stabsmusikk som underheldt forsamlinga.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.