Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2006-11-21


Fekk lønn for strevet

Forsvarets lønnsadministrasjon (FLA) kan levere eit reviderbart lønnsrekneskap for 2006. Det er fyrste gong sidan opprettinga i 2003 at dette finn sted. - Ein milepæl, seier FLA-sjefen oberstløytnant Jens Kristian Thobiassen.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

Foto: Forsvaret
"FLA-VHENGIGE": Fla syt for at samtlege i Forsvaret får rett lønn. Arkivfoto: Forsvaret

FLA vart oppretta 1. november 2003 og er lokalisert i dei gamle lokala til tidlegare Distriktskommando Nord-Norge i Harstad. Thobiassen og kollegene hans har ansvaret for alt som har med lønn, reise og flytting å gjere for alle ansatte i Forsvaret sin militære organisasjon. FLA er og rettleiar og rådgjevar for alle dei som har ansvar for lønnsprosessane i dei ulike avdelingane i Forsvaret, til dømes personellmedarbeidarar og linjeleiarane. Dette gjer dei blant anna ved å arrangere ei rekke kurs ved FLA og å delta som instruktørar på kurs ved Forsvarets Kompetansesenter for Logistikk ( FKL) på Sessvollmoen.

God innsats
Men det er FLA, med veldig god støtte fra Forsvarsstaben (FST)/Personell-, økonomi- og styringsstaben (PØS), som skal ha æra for at arbeidet med lønnsrekneskapet no har ”flaska seg”.
- Dei tilsette har lagt ned mykje arbeid for at vi har nådd et slikt resultat, og dei skal ha sin fortjente del av æra. Tidlegare har dei fått det eg vil kalle til dels uberettiga kritikk angående feilutbetalingar på lønn grunna systemfeil i SAP. Men det er som kjent i motbakkar det går oppover, seier Thobiassen nøgd.

Ein milepæl
Noko av forklaringa til at FLA no leverer, er at dei har konsentrert seg om vedvarande ajourføring av resultata frå i år. Samstundes har dei makta å rydde i mange av dei gamle postane som SAP frå starten av genererte feil i rekneskapet. Eit oppryddingsarbeide som pågår kontinuerlig.

- Dette er ein milepæl for oss. Samtidig har vi store utfordringar framfor oss knytta til å auke datakvaliteten, heve kompetansen ytterlegare og minske ein relativt stor turnover på medarbeidarar som jobbar med lønnssystemet. Forsvaret har eit komplisert lønnssystem, som i stort mon er aktivitetsbasert. Vi treng kontinuitet på personellsida, seier oberstløytnant Jens Kristian Thobiassen, sjef FLA.

Sjef Forsvarets lønnsadministrasjon sitt oppdrag er mellom anna:

  • prosessleder lønn, reise og flytting for Forsvarets militære organisasjon (FMO)

  • utvikle FLA til kompetansesenter lønn, reise og flytting

  • sikre riktig lønn og godtgjørelse til rett tid og korrekt rapportert

  • rettlede og korrigere rolleinnehavere i lønnsprosessen

  • avskriving/innkreving

  • lønnsrekneskap


  • Sjef FLA har instruksjons- og kontrollmyndighet – ikkje kommandomessig myndighet – ovanfor den enkelte driftseining i Forsvaret innanfor eige ansvarsområde. Denne myndigheita vil mellom anna bli utøvd gjennom fagkontrollar ved dei ulike driftseiningane i løpet av neste år.




     

    Relaterte artikler
    Ingen relaterte artikler.