
|
Skal foreslå kvinnetiltak
Forsvarsdepartementet skipar eit utval som skal komme med framlegg til tiltak for å auke kvinneandelen i Forsvaret.
Av Frank Rosvoll og Per Arne Juvang (foto), Forsvarets mediesenter

| | YNSKJER FLEIRE KVINNER: Statsråden vil ha framlegg om nye tiltak som kan auke kvinneandelen i Forsvaret. |
Utvalet skal foreslå tiltak for å auke rekrutteringa av kvinner, både for å få kvinner til å bli verande og for å få fleire kvinner inn i leiande stillingar i Forsvaret. I sitt arbeid skal utvalet hente informasjon om erfaringar andre organisasjonar og andre land sine forsvar har hatt i arbeidet med å auke kvinneandelen. Utvalet skal for øvrig stå fritt i metode og innhenting av informasjon frå eigne og andre institusjonar, organisasjonar og forskingsmiljø.
Ikkje kvotering
– Forsvaret har i dag ein kvinneandel på om lag 7 prosent. Slik har det vore over fleire år, og ambisjonar om å auke kvinnenandelen har ikkje lykkast. Tiltak vi har prøvd å nytte tidlegare, har openbart ikkje virka slik ein hadde håpa på. Det er per i dag ikkje noko utstrakt ynskje om kvotering av kvinner i Forsvaret blant politikarane. Også blant kvinnelege offiserar er det delte oppfatningar om kvotering som verkemiddel. Eg er difor spent på kva framlegg utvalet vil kome med når det legg fram sine anbefalingar i mars neste år, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
Fleire tiltak
Forsvarsdepartementet si målsetjing er at det i løpet av 2008 skal vere 15 prosent kvinner i Forsvaret. Eit viktig tiltak for å auke kvinneandelen er allereie kome i gang – frivillig sesjon for kvinner.
– Vi treng ytterlegare tiltak dersom vi skal klare å rekruttere og halde på fleire av kvinnene som er i Forsvaret, legg statsråden til.
Utvalet skal setjast saman av representantar frå arbeidstakarorganisasjonane, tidlegare kvinnelege offiserar, ulike forskningsmiljø og Forsvaret.
|

|