Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Thomas Olsen Gramstad, 2006-12-05


Framtidas leiarar i skotet

STEINSJØEN: For nokre veker sidan tok Garden opp nye elevar til befalsutdanninga si. Etter mange opptaksprøvar og utfordringar gjekk turen til skytebana. Har Garden treft blink med dei nye befalselevane sine?

Av Thomas Gramstad og Jon Anders Skau (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Jon Anders Skau, FMS
LEIARUTDANNING I SIKTE: Befalselevane Steffen Stenkløv Kystad og Susanne H. Strand tek sikte på ei leiarutdanning i Forsvaret.

– Er skyttarane klare? Eld!
Skytefelt 9 O vert brått forvandla til ei støysone utan sidestykke. Dag fire i eit vekeslangt skyttarkurs er i gong. Dei nybaka befalselevane frå Garden er samla på Steinsjøen skytefelt for å bli betre kjende med maskingeværet MG-3.

– Ein døropnar
Befalselev Susanne H. Strand trur vegen fram mot sersjantvinklane vil by på ein del utfordringar, men ho er overtydd om at dette er noko ho berre vil vekse på.
– Eg ser på dette som ei personlig utfordring. Befalsutdanninga fungerer som ein døropnar, ikkje berre med tanke på karriere, men ho er òg nøkkelen til ukjende rom i deg sjølv. Tida som befalselev er ikkje bortkasta, fortel ho.

Foto: Jon Anders Skau, FMS
ØVING: Befalselevane må mellom anna gjennom eit skyttarkurs med både teori og praksis.

Medelev Steffen Stenkløv Kystad nikkar einig. Han ser òg på utfordringane som ein sterk motivasjon.
– Eg synest det er artig å springe i skogen og oppleve litt action. Det er aktivt og sosialt, og ein sit jo trass alt att med ei leiarutdanning, fortel befalseleven.

Dei er samstemmige i karakteristikken av utdanningstilbodet.
– Vi har ein bra klasse med duglege befal og instruktørar. Befalsutdanninga er absolutt verdt den innsatsen ein legg i det, og vi får venar for livet.

Både Steffen Stenkløv Kystad og Susanne H. Strand var i alminneleg førstegongsteneste i Garden før dei søkte ei befalsutdanning. No ventar to år med grundig opplæring.

Jakta på den fødde leiaren
Forutan å bestå ei rekkje fysiske og psykiske testar, bør befalselevar ha ein leiartype i magen.

Foto: Jon Anders Skau, FMS
NØGD: Kaptein Haakon Hjortmo er nøgd med dei nye elevane, men ynskjer fleire søkjarar til befalsskulane.

– Alle kan søkje befalsutdanning i Forsvaret. Men det er jo ein fordel om søkjarane på eit vis er naturlege leiartypar. Ein kan alltid bli lært opp til å bli ein leiar, men prosessen går lettare viss man allereie har det i seg, fortel utdanningsoffiser Haakon Hjortmo.

Fem viktige eigenskapar
Kapteinen er godt nøgd med dei befalselevane Garden har sikra seg. Han trur ungdomen er meir motivert enn ein kanskje skulle tru, og peiker på fem viktige eigenskapar som ein ser etter hos potensielle befalselevar.

– Vi er interessert i å få tak i personar som har evne til å ta initiativ, til å handsame uvisse, oppnå tillit, vise omsorg og som kan ta gode og sjølvstendige val. Mange ungdomar er motiverte og vil noko. Dette ynskjer vi å vidareutvikle, seier Haakon Hjortmo.

Krutrøyken og stilla legg seg over skytefelt 9 O. Dei øydelagde måla 260 meter unna vitnar om at Garden har treft blink med dei nye befalselevane sine.

Les meir om befalsutdanning i Forsvaret på denne internettsida.




 

Relaterte artikler



Godt armslag på Terningmoen 2006-12-01





Militærnekter ble best i klassen 2006-12-04





Rekruttert i tjenesten 2006-11-08