
|
Samde om bruk av skytefelt
På vegne av Forsvarsdepartementet er Forsvarsbygg og Reindriftsdistrikt 14A no blitt samde om korleis Forsvaret skal gjere bruk av Porsangmoen og Hallkavarre skyte- og øvingsfelt.
Av Håkon Høgetveit, Forsvarets mediesenter

| | SKYTEFELT: Etter ti år har det endeleg blitt einigheit omkring Porsangmoen og Hallkavarre skyte- og øvingsfelt i Karasjok. Foto: Magnus Iversen, FMS. |
– Denne avtala tilfredsstiller behovet til begge partar og er basert på gjensidig respekt og tiltru, fortel sjef for Garnisonen i Porsanger, oberstløytnant Roger Jakobsen.
Ti år sidan sist
Tirsdag 28. november gjekk avtala i boks etter at Forsvarsbygg hadde forhandla han fram på vegne av Forsvarsdepartementet.
– Dette er ein milepæl for Forsvarsbygg, Forsvaret og reindriftsdistriktet. Endeleg er vi i mål, seier leiar for forhandlingsutvalet til Forsvaret, Per Siem, i ei pressemelding frå Forsvarsbygg.
Det har også tidlegare vore ei liknande avtale om skyte- og øvingsfeltet, men den førre avtala gjekk ut i 1996. I ti år har forhandlingane no pågått, men området er likevel blitt brukt av båe partar.
– Stemninga rundt dette har gått litt i bølgjedalar, men Forsvaret har no gjennom handling og framferd prova at vi kan tilpasse oss og har respekt for den andre parten i saka, seier Jakobsen.
Gjevt skytefelt
Avtala som no er inngått, vil vare i 20 år. Den har ei totalramme på sju millionar kroner.
– Men vi må likevel kunne tilpasse oss reindrifta i visse periodar. Stundom vil reindrifta også trenge området, og da kan vi ikkje vere forutan godt samarbeid og forståing, også med tanke på at miljøet må bli tatt vare på, meiner Jakobsen.
Hallkavarre står i ei særstilling blant skyte- og øvingsfelta i Norge. Det er rekna som eit av dei beste skytefelta i Europa, og det er berre eit liknande skytefelt i Norge kor ein kan gjennomføre jagarflybombing med skarp ammunisjon.
– Fundamentet for den militære drifta er skytefelt som er tilpassa Forsvaret sine behov, miljøet og eit samarbeid med avtalepartnere. Derfor har denne avtala svært mykje å seie for Garnisonen i Porsanger og Forsvaret generelt, avsluttar Jakobsen.
|

|