Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Kristoffer Thoner, 2006-12-06


– Forsvaret eit pluss

Arbeidsgjevare frå næringslivet er samde om at gjennomførd fyrstegongsteneste er positivt når du søkjer jobb.

Av Kristoffer Thoner, Forsvarets mediesenter

At eit år i Forsvaret er bortkasta, stemmer i alle høve ikkje. Forsvarsnett tok kontakt med fleire arbeidsgjevare frå den lokale arbeidsmarknaden. Vi stilte spørsmålet: Kva tyding har gjennomførd fyrstegongsteneste og/eller vidare utdanning frå Forsvaret for ein person når denne seinare skal søkja jobb i det sivile næringslivet?

Gisle Hellsten
Foto: karrieresenteret.uio.no
Foto: karrieresenteret.uio.no.
Leiar, Karrieresenteret ved Universitetet i Oslo
– Forsvaret gjev deg ein god tilleggskompetanse. Du får eigenskapar som er nyttige óg i den sivile arbeidsmarknaden, og du lærer deg å stå på eigne bein. Dessutan trur eg dei som har gått befals- og krigsskule får med seg særs mykje nyttig røynsle som går på leiarskap, og det er veldig få arbeidsgjevare som ser på dette som negativt. Som gamal offiser har eg i mi sivile yrkeskarriere hatt god bruk for det eg lærte om samhandling og om å jobba saman mot eit felles mål.

Foto: Anne Liv Ekroll, NRK
Foto: Anne Liv Ekroll, NRK.
Siv Farstad Olsen
Personaldirektør, NRK
– Innanfor NRK sine område har vi inga krav om at arbeidstakarar må ha gjennomførd fyrstegongstenesten eller ha vidare utdanning frå Forsvaret, men eg trur at å ha erfaring frå Forsvaret aldri vil telja mot nokon. Eg ser det som særs positivt at folk nyttar potensialet sitt, og eg ser nytta av den personlege utviklinga ein får i militæret.


Anders Larsen
Foto: Adecco Norge AS
Foto: Adecco Norge AS.
Direktør, Adecco Personalutleie
– Etter ni år i det største mannskapsselskapet i Noreg kan eg stadfesta at leiarutdanning frå Forsvaret er ettertrakta i det sivile næringslivet. Dette fordi ein, i motsats til andre, sivile studier, får praktisera leiarskap under utdanninga. I tillegg er det positivt at arbeidsgjevar ser at ein har gjennomførd den sedvanlege fyrstegongstenesten. Gjennom dette året får ein god røynsle ein har bruk for i arbeidsmarknaden. Dessutan ser eg at mange leiarar har militær bakgrunn – og dei legg i alle høve vekt på dette.

Foto: Statoil ASA
Foto: Statoil ASA.
Kirsten Myklebust
Informasjonssjef, Statoil ASA
– Vi legg vekt på allsidig bakgrunn når vi rekrutterer, og gjennomførd verneplikt og/eller vidare utdanning vert vurdert i ljos av dette. Vi har mange dugande tilsette med militær utdanning – befalsskule og liknande, og vi er klare over at den militære utdanninga er på eit høgt nivå.


Foto: Jon Anders Skau, FMS
Foto: Jon Anders Skau, FMS.
Thorvald Stoltenberg
President, Noregs Raude Kors
– Ja, det er eit pluss. Men etter mi meining burde det å ha gjennomførd fyrstegongstenesta eller vidare utdanning i Forsvaret ha større gjennomslagskraft enn kva det har no. Eg trur dette har stor tyding for den enkelte – idet ein lærer kor ulike alle menneske er – og at å skjøna dette har mykje å seia i livet elles. Dessutan lærer ein seg tydingen av samarbeid.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.