
|
– Eit substansielt bidrag
– Innan utgangen av 2007 skal Heimevernet stille med kapasitetar som kan bidra i internasjonale operasjonar, fortel generalmajor Bernt I.F. Brovold.
Av Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter

| | STORTINGSPROPOSISJON: Heimevernet skal kunne bidra med styrkar til internasjonale operasjonar. Forsvarsdepartementet bestemmer Heimevernet si retning i saka. Arkivfoto: Jon Anders Skau, Forsvarets mediesenter. |
I førre veke vart ein stortingsproposisjon som tek for seg Heimevernets bidrag til internasjonale operasjonar, handsama. Det vart fastslått at Forsvarsdepartementet skal avgjere kva for ei retning forsvarsgreina skal ha i samband med utanlandsoppdrag.
– Vi er no inne i ein prosess i denne saka. Det skal gis ei tilbakemelding til Stortinget i løpet av 2007, opplyser fungerande pressetalsmann i Forsvarsdepartementet, Kåre Helland-Olsen.

| | SAMARBEID: Heimevernet vil i internasjonale operasjonar vere ein del av styrkebidrag frå andre forsvarsgreiner. Heimevernet blir eit substansielt bidrag, kommenterer Brovold. |
– Basert på fri vilje
Generalinspektøren for Heimevernet, Bernt Iver Ferdinand Brovold, fortel at deltakinga i operasjonane er heilt frivillig.
– Deltakinga skal vere basert på fri vilje, og dei som ynskjer å bidra, skriv under på ein kontrakt med Hæren, Sjø- eller Luftforsvaret, eller fellesinstitusjonar. Dessutan vil vi basere oss på rotasjon kor styrkar er tre månader ute på oppdrag. Viss bidraget skal dekkje eit år, betyr det fire kontingentar. Vi må ikkje gløyme at folk har familie og jobb som ventar heime. Men, vi skal altså stille med eit mannskap på omkring 150 personar, fortel Brovold.
Varierte oppdrag
Oppdraga vil i følgje Brovold hovudsakleg dreie seg om vakthald og sikring. Han presiserer at styrkane ikkje deltek som Heimevernet, men at dei vil vere ein del av styrkebidrag frå andre forsvarsgreiner. Dei enkelte forsvarsgreinene skal gi soldatane frå Heimevernet oppdragsspesifikk opplæring før utanlandsinnsatsen startar. Når oppdraga er over, blir mannskapa overførde tilbake til Heimevernet.
– Mannskapa driv mykje samtrening her heime. Faktisk skal vi bruke heile 2007 på dette. Når Heimevernet har ei avdeling med kapasitetar som er gode nok her heime, då er dei òg gode nok for internasjonale operasjonar. Vi har relevante styrkar som kan plukkast ut og nyttast i utlandet, seier generalmajor Brovold.
|

|