
|
Kongeleg kyrkjeparade
Tradisjonen tru var det ikkje eit einaste ledig sete då Hans Majestet Kongens Garde hadde sin årlege kyrkjeparade. Med skikkeleg storbesøk var det ei kongeleg julestemning i Trefoldighetskirken i Oslo.
Av Thomas Gramstad og Per Arne Juvang (foto), Forsvarets mediesenter

| | FULLSETT KYRKJE: Trefoldighetskirken var fylt til randen då HMK Garde hadde sin årlege kyrkjeparade. |
Den raude lauparen ligg lydig på kyrkjetrappa. Antrekk vert kontrollerte. Fjerne klokkeslag fortel at tida er inne. Ein svart bil stansar framfor trappa og gardistane gir si beste helsing til kongen og kronprinsen. Dei siste gjestane har kome.
Kongeleg stemning
Med stødig hand styrar dirigent Eldar Nilsen Hans Majestet Kongens Gardes Musikkorps gjennom ei flott framføring av Allegro for trompetar og pauke. Den timeslange kyrkjeparaden er i gong.
Major Trond Haande held ei kort minnestund for falne soldatar før heile kyrkjelyden reiser seg.Stilla fyller den svære kyrkja i eit minutt. Med salmar og bønner blir gudstenesta via mykje tid for ettertanke.
Dialog og forståing menneske imellom var nokre av poenga i gardeprest Kenneth Henriksen si preika:
– Forståinga for den andre må komme først. Skaper vi menneskeverd, så skaper vi fred.
Ei julehelsing
Dei siste tonane frå Glade jul forlèt kyrkja, og forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen entrar preikestolen.
– Dette har eg sett fram til. 2006 har vore eit spesielt år for Garden med mange storhendingar som mellom anna feiringa av Garden sitt 150-årsjubileum. Dykk har all grunn til å vere stolte. Eg vil takke dykk for innsatsen dykkar, og eg vil nytte høvet til å ynskje alle ein god jul og eit godt nyttår, sa forsvarsministeren.

| | KONGELEG BESØK: Både kong Harald og kronprins Haakon var til stades under Garden sin kyrkjeparade. |
Òg gardesjef Ingrid Margrethe Gjerde kunne ynskje alle frammøtte ei triveleg juletid. Med kraftige røyster vert kyrkjeparaden avslutta med kongeønsket:
– Gud bevare Kongen og Fedrelandet!
– Ja!
Tydeleg stolte gardistar forlèt plassane sine, og kyrkja vert tømt for folk. 150-årsbarnet har fått eit verdig punktum på jubileumsåret sitt.
|

|