Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2006-12-15


Særskild stillingsvern gjenninnførd

Leiar i Befalets fellesorganisasjon (BFO), Didrik Coucheron, seier seg svært nøgd med at det vart ei gjenninnføring av særskild stillingsvern mot oppseiing for yrkesbefal. Lovendringa vart i dag underteikna av Kongen i statsråd.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

Arkivfoto: Forsvaret
AUKA VERN: Yrkesbefal tilset før 1. januar 2005 får tilbake det særskilde stillingsvernet. Arkivfoto: Forsvaret.

– Vi ser på dette som ein fullstendig siger. Eg vil leggje til at BFO og Norges Offisersforbund har jobba med saka sidan det særskilde stillingsvernet vart teke bort 10. juni 2004, kommenterer Didrik Coucheron vidare.

Omstridd sak
Då det spesielle stillingsvernet vart teke bort, var det ikkje minst for å bidra til å nå det politisk fastsette målet om nedtrekk i antall tilsette i Forsvaret. Befalet sine fagorganisasjonar var sterkt kritiske, særleg fordi det endra stillingsvernet fekk tilbakeverkande kraft.

Omlag to og eit halvt år seinare har den nye politiske leiinga sytt for å gjenninnføre det særskilde stillingsvernet. Det skal omfatte alt befal som fekk yrkestilsetting før 1. januar 2005. Dei som fekk fast tilsetting etter denne datoen, har eit stillingsvern i tråd med tenestemannslova, som til samanlikning ikkje gjev eit like sterkt vern.

– Ein siger
– Vi ser på avgjerdsla om gjenninnføring som ein full siger. Den noverande forsvarsministeren har teke ei modig og riktig avgjerdsle, noko vi er takksame og nøgde med, seier Coucheron.

Samstundes legg han til at BFO kontinuerleg jobbar for at alt tilsett befal skal ha det same stillingsvernet.
– Det gjeld særskilde tilsettingsordningar i Forsvaret. Folk blir utnemd til ein grad og beordra inn i stillingar. Vi blir ogs omfatta av beordringsplikt til deltaking i internasjonale operasjonar. I ljos av dette finn vi det rimeleg at det særskilde stillingsvernet skal omfatte alt befal med yrkestilsetting, sluttar leiaren i BFO.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.