Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2006-12-19


Opprettheld tre kandidatar

Regjeringa har godkjent ei såkalla konseptuell løysing for kampflykjøp. Kampflyprosjektet er dermed over i ein ny fase.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

Foto: Jon Anders Skau, FMS
FLYG FRAMLEIS: F16 gjer framleis jobben, men skal skiftast ut. Kva slags fly Forsvaret skal ha, blir avgjort i 2008. Foto: Jon Anders Skau, Forsvarets mediesenter.

Prosessen fram til eit mogleg innkjøp av nye kampfly vil no bli intensivert.
– Vi ynskjer framleis konkurranse, og vi vil halde fram dialogen med alle dei tre aktuelle kandidatane, både JAS Gripen, Eurofighter og Joint Strike Fighter (JSF). Om vi etter ei samla vurdering vel å gå vidare i produksjonsfasen for JSF, vil vi skipe avtalar også med dei to andre kandidatane, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Industrielt samarbeid
Regjeringa er samd om å gå vidare med tre kandidatar, men planane knytta til industrielle samarbeidsmoglegheiter må vere på plass. Dette gjeld også før ei eventuell underteikning av ei produksjonsavtale knytta til JSF.

– Vi har heile tida hatt som intensjon å vurdere ein underteikning av produksjonsavtalen i løpet av denne hausten, men det gjenstår framleis nokre avklaringar før vi er budd på å gjere dette. Eg har difor fått fullmakt frå regjeringa til å underteikne produksjonsavtalen med JSF når eg meiner den industrielle planen er tilfredsstillande for nett denne kandidaten, seier Strøm-Erichsen.

Styrka samarbeid med JAS Gripen og Eurofighter
Departementet vil òg ta kontakt med dei to andre kandidatane, Eurofighter og JAS Gripen, for å diskutere vidare samarbeid med dei.
– Vi har ikkje vald kandidat og vil innleie forhandlingar med desse to med sikte på eit forpliktande utviklingssamarbeid. På den måten får vi eit enda betre underlag for avgjerdsla i denne viktige saka, sluttar Strøm-Erichsen.

Gledeleg
– Det er gledeleg å registrere at ein no er samd om at Noreg treng moderne kampfly også i framtida. Vi går no inn i definisjonsfasen av prosjektet, og vi vil frå Forsvaret si side legge særs store ressursar inn i arbeidet med å gje politikarane eit best mogleg grunnlag for avgjerdsla om framtidig kampflykapasitet, seier generalmajor Stein Erik Nodeland, generalinspektør for Luftforsvaret.

Han held fram at det er viktig å ha med tre kandidatar vidare.
– For Forsvaret er det viktig å vurdere kandidatane grundig. Det vidare arbeidet skal bidra til ytterleg å minske utryggleiken i høve anskaffinga og gje grunnlaget for ei tilråding om den beste løysinga for Noreg, seier Nodeland.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.