
|
Ferskvann er for pyser
Fjerde januar er premieren for fjernsynsdokumentaren "Ferskvann er for pyser". Serien tek for seg utdanninga til kadettar og bygginga av ein av Sjøforsvaret sine fem nye fregattar.
Av Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter

| | IKKJE FOR PYSER: Pia Width og Per-Yngvar Holm er godt nøgde med resultatet av samarbeidet. Foto: Per Arne Juvang, FMS. |
Tv-dokumentaren vert sendt på TVNorge kvar torsdag frå 4. januar 2007 klokka 20, og den går over fem episodar. Sjåarane blir med fem kadettar på deira utdanning på befalsskulen og på Sjøkrigsskulen. Samstundes tek "Ferskvann er for pyser" for seg byggearbeidet rundt fregatten KNM Fridtjof Nansen.
Eit ærleg bilde av Forsvaret
Pia Width ved Forsvarsstaben si presse- og informasjonsavdeling ser på produksjonen som eit godt høve til å vise Forsvaret som ein open og menneskeleg arbeidsplass.
– Ved å vere så ærleg som mogleg håpar vi å kunne gi folk eit sannferdig bilde av Forsvaret. Serien viser det norske folket tydinga av Sjøforsvaret, seier ho.
Width fortel at Forsvaret ynskjer å dokumentere den historiske hendinga knytt til bygginga av dei fem nye fregattane. Dessutan skal tv-serien vise korleis leiarutdanninga i Sjøforsvaret går føre seg.
– Eit suverent samarbeid
Det er Parkas Production som har produsert dokumentaren i samarbeid med Sjøforsvaret.
– Det har vore eit suverent samarbeid med Forsvaret. Serien er meir ein dokumentar enn ein reality-serie. Kanskje ein kan kalle han ”infotainment”, fortel Per-Yngvar Holm frå Parkas Productions.
Han har vore med på mange prosjekt for fjernsyn. Holm har mellom anna vore produsent for "Gutta på tur"-serien som TV2 har vist.
Per-Yngvar Holm meiner Forsvaret tener mykje på å vere open, og at det gjer fjernsynsserien meir truverdig. Han roser både Sjøforsvaret og Forsvarets logistikkorganisasjon (Flo) for flotte arbeidsforhold i samband med filming til serien.

| | GODT SAMARBEID: Per-Yngvar Holm (t.h.) roser Forsvaret for å vere open. Til venstre er Halvard Flesland, skipssjef på KNM Fridtjof Nansen, som vert omtalt i dokumentaren. Foto: Forsvaret. |
TVNorge har kjøpt visningsrettane til dei fem episodane som er produserte av Parkas, og kanalen er godt kjent med samarbeidet mellom Forsvaret og Parkas i dette unike prosjektet.
– Samarbeidet med Parkas er basert på tillit, men det har òg vore viktig for oss å gi Parkas det spelerommet og den redaksjonelle fridomen som trengs for å lage ein truverdig tv-serie. Det håper vi at vi har lukkast med, men dommen faller sjølvsagt når TV-sjåarane skal seie sitt. Vi kan jo berre drøyme om at TV Norge får ein ny sjåartopp med denne serien, seier Pia Width med eit håpefullt smil.
|

|