Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

Redaktør
Ann Kristin Salbuvik
 



Thomas Olsen Gramstad, 2006-12-22


Vil skape ein kvinnetrend

I slutten av november oppretta forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen eit utval som skal arbeide for å auke talet på kvinner i Forsvaret. No startar prosessen.

Av Thomas Gramstad og Per Arne Juvang (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Per Arne Juvang, FMS
UTVAL: Oberst Britt Brestrup skal saman med eit utval på tretten andre medlemmer finne ut korleis ein kan auke talet på kvinner i Forsvaret.

Utvalet er samansett av 14 representantar frå Forsvaret og sivile institusjonar. Denne breidda i gruppa kan ifølgje kommandør Svinndal, sekretær i utvalet, vere nøkkelen til suksess.
– Eg trur den største fordelen med utvalet er den store breidda det representerer. Medan vi tidligare berre har hatt interne grupper i Forsvaret, har vi no med personar frå mellom anna Barne- og likestillingsdepartementet og Universitetet i Oslo, fortel han.

Eit godt stykkje arbeid
Den nyoppretta gruppa har tida fram til slutten av mars for å utarbeide forslag til korleis kvinnedelen i Forsvaret kan nå 15 prosent, som er målet i løpet av 2008. Arbeidet starta torsdag med eit møte i Forsvarsdepartementet.

– Det blir intensiv jobbing fram mot mars. Først skal vi få i stand ei felles plattform. Da får dei representantane som ikkje er så godt kjente med Forsvaret, høve til å setje seg inn i korleis ting fungerer. Deretter skal vi organisere oss i undergrupper og komme fram til konkrete forslag, opplyser kommandør Svinndal.

Foto: Per Arne Juvang, FMS
VIKTIG ARBEID: Kommandør Morten Svinndal håpar arbeidet vil auke talet på kvinner i Forsvaret. – Kvinner har mange kvalitetar Forsvaret har nytte av, seier han.

Ved å engasjere ulike miljø utanfor Forsvaret ynskjer ein å få friske innspel i denne saka. Forsvaret har lenge arbeidd for å auke sin eigen kvinneprosent, og med ein engasjert forsvarsminister og fagfolk på laget, skal ein no leggje ein skikkelig slagplan.

Må skape ein trend
Forsvaret har allereie sett i gong ei rekkje tiltak for å auke talet på kvinner i organisasjonen. Eit viktig steg er innføringa av frivillig sesjon for jenter. Sekretæren i utvalet, Morten Svinndal, meiner dette er eit ledd i arbeidet for å skape ein trend der kvinner ser på Forsvaret som ein attraktiv arbeidsplass.

– Eg trur den største og viktigaste utfordringa vi står overfor er å skape ein slags kvinnetrend i Forsvaret. Vi er allereie i gong no som det er frivillig sesjon for jenter, forklarer han.

Det er forsvarsministeren som skal avgjere kva for tiltak som skal bli sett i verk. Vedtaka blir baserte på ein rapport utvalet leverer i løpet av mars.

Om utvalet
  • Utvalet skal foreslå tiltak for å
    – auke rekrutteringa av kvinner til Forsvaret,
    – behalde flest mogleg kvinner i Forsvaret,
    – få fleire kvinner i leiande stillingar i Forsvaret.
  • Oberst Britt Brestrup er leiar for utvalet.
  • Utvalet består av representantar frå
    – Forsvaret,
    – Barne- og likestillingsdepartementet,
    – Kvinners frivillige beredskap,
    – arbeidstakerorganisasjonene,
    – tidligare offiserar i Forsvaret,
    – Senter for kvinne- og kjønnsforskning ved Universitetet i Oslo.




  •  

    Relaterte artikler
    Ingen relaterte artikler.