
|
Mange ynskjer utanlandsteneste
Forsvaret jobbar dagleg med utfordringane knytt til rekruttering til internasjonale oppdrag, mellom anna på område som sanitet og IKT – eit arbeid som gjev gode resultat.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

| | REKRUTTERING: Generalmajor Arnvid Løvbukten seier rekrutteringa til internasjonale operasjonar går tilfredsstillande. Akrivfoto: Stian Solum, Forsvarets mediesenter. |
– Vi har starta rekrutteringa til leiinga for det norske ingeniørkompaniet. Allereie har vi fylt 17 av dei 43 stillingane i leiinga. Dette er tilfredsstillande med tanke på at Forsvaret søkjer å rekruttere til eit oppdrag det er knytte så mange usikre moment til – politisk som praktisk, seier generalmajor Arnvid Løvbukten, sjef for Fellesstaben og styrkeprodusentansvarleg for fellesressursane.
Vervar fleire
Forsvaret har ei beredskapsseining med kompetanse på samband- og informasjonssystem (CIS Task Group). Den kan nyttast til å hjelpe ved behov knytt til internasjonale operasjonar.
– CIS Task Group skal auke med inntil 100 stillingar i 2007 og 2008, legg generalmajor Løvbukten til.
Ein har òg auka inntaket på Forsvaret sin ingeniørhøgskule med inntil ti elevplassar. På lengre sikt vil det bidra til betre å dekke opp trongen for kompetanse på område som samband og IKT. I tillegg er Hæren i ferd med å rekruttere til tusen ekstra stillingsheimlar, noko som vil gjere påfreistingane for personellet enklare.
Nær full dekning
Når det gjeld situasjonen knytt til oppdraget i Afghanistan (Isaf), er arbeidet med å fylle stillingane på det næraste fullendt.
Dekninga på stillingane til Isaf-styrken som dreg til Afghanistan på nyåret, er fylt. Unntaket er nokre få stillingar. Omrekna gir dette ein dekningsgrad på nærare 98 prosent.
– Vi meiner sjølv at vi er rimeleg godt i rute, konstaterar Løvbukten.
Forsvaret driv òg studiar for å sjå kor mykje ein kan trekke vekslar på det norske forsvaret i samtid og i framtida. Dette skjer blant anna i samanheng med Forsvarstudie 07. Målet er å gjere planlegginga av Forsvaret si verksemd knytt til internasjonale operasjonar mest mogleg oversiktleg for personellet og deira familiar i framtida. Ein må likevel alltid væra budd på ein grad av usikkerheit med tanke på kor verdsamfunnet treng norske bidrag.
|

|