Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

Redaktør
Ann Kristin Salbuvik
 



Frank Rosvoll, 2007-01-05


Tapte matkrig mot Forsvaret

NorgesGruppen, ved grossistselskapet Joh Systems AS, klaga Forsvaret inn for Klagenemda for offentlege anskaffingar (Kofa) i februar 2006. ”Ikkje brot på regelverket” heiter det i Kofa si avgjerdsle.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

Foto: Torgeir Haugaard, FMS
IKKJE NOKO USMAK PÅ FORSVARET SINE MATBORD: Klagenemda fann at Forsvaret ikkje hadde gjort seg skuldig i brot på reglane for offentlege anskaffingar. (Arkivfoto: Torgeir Haugaard, FMS)

NorgesGruppen klaga inn Forsvaret til Kofa etter at dei ikkje greide å konkurrere seg til leveransar, då Forsvaret i 2005 tildelte matvarekontraktar for to år fram i tid. Den norske daglegvarekjempen hevda at Forsvaret gjorde seg skuldig i massive brot på reglane for offentlege anskaffingar.

Ei rad av skuldingar
Avisa Dagens Næringsliv slo 18. januar 2006 saka stort opp med tittelen ”Dagligvarekjempe gir Forsvaret påpakning” og synte til brevet fra NorgesGruppen sin advokat til Kofa. Der vart det hevda at det ”var uklart kva for tildelingskriterium som ville bli vektlagt når Forsvaret valde leverandør”. Det vart og påstått at eit av Forsvaret sine kriterium for forbehold var ulovleg. Forsvaret vart vidare skulda for å ha brote anbodsreglane ved å vektlegge tildelingskriteriet kvalitet ulikt for dei einskilde varegruppene det vart bedt om anbod på.

”Ikkje første gong”
For eiga rekning la Dagens Næringsliv til at ”Forsvaret har flere ganger tidligere blitt kritisert for å ha brutt regelverket for offentlige anskaffelser.”, utan at avisa tok seg bryet med å syne til konkrete døme på ein slik ”praksis”.

I Kofa si avgjerdsle 18. desember 2006 heiter det:
”Innklagede gjennomførte en åpen anbudskonkurranse om rammeavtale for kjøp av næringsmidler til Forsvarets brukende avdelinger. Nemda fant at klagers forbehold om tildeling av samtlige varegrupper i realiteten var en forutsetning for klagers priser og at innklagedes forkastelse av klagers tilbud i sammenligning med foretrukne tilbyder dermed ikke utgjorde brudd på regelverket om offentlige anskaffelser.”.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.