Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

Redaktør
Ann Kristin Salbuvik
 



Thomas Olsen Gramstad, 2007-01-09


Vegen vidare

– Eg har frå tid til anna merka meg at det vert teikna eit bilete av eit forsvar som manglar relevans, sa forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i si årlege nyttårstale.

Av Thomas Gramstad og Jon Anders Skau (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Jon Anders Skau, FMS
FORSVARET I FRAMTIDA: Forsvarsministeren peikte på flykapasitetar som ei viktig brikke i Forsvaret, både no og i framtida.

Det var nett Forsvaret si framtid som blei sett i søkelyset då Strøm-Erichsen fortalte om vegen vidare. Sjølv om trugsmålbiletet ikkje er det same som under den kalde krigen, meiner statsråden at Forsvaret stadig er viktig for Noreg.
– Vi treng ikkje nødvendigvis noko å forsvare oss mot. Det er nok at vi har noko å forsvare, poengterte ho.

Framtida i nord
Ministeren nytta delar av taletida si på å streke under den stadig aukande viktigheita av nordområda, som vert omtala som det viktigaste strategiske satsingsområdet. Forvalting av naturressursar blei nemnt som eit viktig moment.

– I dag er det behovet for å ivareta norske samfunnsinteresser i eit langsiktig perspektiv som tilseier eit sterkt militært nærvær i nord, fortalde Strøm-Erichsen, og peikte på kystvakta og eit større bidrag frå Hæren som eksempel på auka satsing i desse områda.
Regjeringa skal arbeide for å auke Hæren sin kapasitet med om lag 1000 årsverk før 2009.

Foto: Jon Anders Skau, FMS
VEGEN VIDARE: Det var ein tydeleg engasjert forsvarsminister som mandag kveld gjekk på talarstolen i Oslo Militære Samfund.

Forsvaret i utlandet
Forsvarsministeren roste dei norske styrkane for deira innsats i utanlandsoperasjonar. Ho kunne fortelje at regjeringa ynskjer å auke Noreg si deltaking i FN-leiande operasjonar. Arbeidet i Afrika, med konfliktområde som til dømes Darfur, vil bli trappa opp. Òg i Afghanistan skal det norske bidraget halde fram.

Strøm-Erichsen innrømmer at situasjonen i landet er svært krevjande for utanlandske styrkar. Ho åtvarar mot å tru at militærmakt er nok til å løyse konfliktane. Men, i nærmaste framtid vil norske styrkar ta på seg nye oppgåver i Afghanistan. Mellom anna skal dei frå april av leie drifta av den internasjonale flyplassen i Kabul. Men, auka satsing nord i landet betyr ikkje at norske styrkar er låste til desse områda.

– Vår reaksjonsstyrke i Mazar-e Sharif kan i ein kritisk situasjon bidra i sør, sa forsvarsministeren.

– Må spegle samfunnet
Forsvarsministeren trekte òg fram verneplikta og hennar betyding for Forsvaret i tala si. Ho ser ikkje for seg eit framtidig forsvar som utelukkande er basert på fri vilje og yrkessoldatar.
– Eg er open for å vurdere justeringar av innhald og lengde på tenesta. Men, eg vil åtvare mot å redusere verneplikta til ein rein rekrutterings- og seleksjonsmekanisme, konstaterte Strøm-Erichsen.

Forsvarsministeren tok òg eit oppgjer med kvinner si plass i Forsvaret.
– Forsvaret må spegle samfunnet det er ein del av, og må i mykje større grad rekruttere frå begge kjønn, sa statsråden, som ynskjer kvinnedebatt velkommen.

Heile tala finn du i margen til høgre.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.


Dokumenter




2007-01-08 FMIN (doc)