Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Thomas Olsen Gramstad, 2007-01-19


Starten på eit annleis år

MADLA: – Når eg opnar skapa, skal dykk imponere meg og få ei stjerne i boka, fortel troppssjef Henrik Tennebeck til rekruttane på tropp 4.1. Januarinnrykket på KNM Harald Haarfagre er i full gong.

Av Thomas Gramstad og Per Arne Juvang (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Per Arne Juvang, FMS.
REKRUTTSKULEN: Rekruttane i tropp 4.1 gjer seg klare til dagens aktiviteter på KNM Harald Haarfagre.

Bøtter, moppar og småstressa rekruttar flyg rundt i korridorane på fjerde kompani. Våpenreglar vert pugga og antrekk kontrollert. Klokka er 7.25 og morgoninspeksjonen er faretruande nær. Ein ny dag på rekruttskulen KNM Harald Haarfagre har byrja.

– Ikkje så gale
Fenrik Tennebeck stiller seg føre døra til rom 415 og får ei nervøs, men akseptabel avmelding. Rekruttane er godt nøgde med sin eigen innsats, men ein grundig sjekk av rommet viser at gutane framleis har noko å lære. Langs golvet under vindauga finn fenriken noko som umogleg kan vere bra for helsa.

– Det var ikkje så gale her på rommet. Inspeksjonen var ikkje overdrevet streng etter mi meining. Vi vaska berre i 20 minutt. Under vingauget var det ikkje heilt bra – det var jo ein heil ullgenser der. Men, vi skal ikkje gå rundt og vere lei oss, fortel flysoldat Martin Haugesten med eit lurt smil om munnen.

Foto: Per Arne Juvang, FMS.
ULLGENSER: Støv på golvet under vindauga er ikkje bra. – Det var jo ein heil ullgenser der, innrømmer flysoldat Martin Haugesten.

Sjølv om krava til romvask til tider kan verke urimeleg store, er det for rekruttane sitt eige beste.
– Det er klart at når til dømes seks mann bur så tett saman på eit rom, så må ein vere nøye med hygienen. Viss ein person blir sjuk, er det stort sannsyn for at fleire blir liggjande. Inspeksjonane er sånn sett ikkje overdrivne, forklarar troppssjef Tennebeck.

Øving gjer meister
Ei av oppgåvene til rekruttskulene er å gi opplæring i militær framferd. Overgangen frå det sivile til det militære liv skal vere så mjuk som mogleg. Militær framferd omfattar mellom anna slutta orden (Slo), korrekt helsing på befal og å kunne tre inn på kontor.

– Det gjekk jo bra til slutt. Problemet var at eg alltid gløymde noko. Først kunne eg gløyme å nikke, og så konsentrerte eg meg så mykje om å hugse det til neste gong at eg gløymde noko anna i staden. Det var litt flaut då alle stod og venta på meg, innrømmer flysoldat Tony Eidsvold.
Åtte forsøk måtte til før han fekk godkjent kontorøvinga.

Forventningar og draumar
Utanfor sanintetsbygget på Madla står ei gruppe heilt ferske rekruttar. Dei held på med den såkalla innrulleringa, som mellom anna omfattar vaksinasjon, syns- og hørselstestar og utlevering av utstyr. Arve Ask Larsen er blant dei som ser fram til eit år i Sjøforsvaret.

– Eg har store forventningar til tida i Forsvaret. Det blir godt å komme i fysisk form, men eg er litt engsteleg for gassbua. Etter rekruttskulen håpar eg å komme til Kystvakta. Det hadde vore flott å kunne sitje og nyte utsikta frå KV Svalbard, fortel han entusiastisk.

Foto: Per Arne Juvang, FMS.
SPENT: – Eg er spent på tida i Forsvaret. Etter rekruttskulen håpar eg å komme til Kystvakta, fortel rekrutt Arve Ask Larsen.

Samstundes, ein annan stad i leiren står ein heil tropp i full konsentrasjon. Dei har nett fått utleverte AG-3 og må no vise at dei kan dei viktige våpenreglane. Fenrik Tennebeck gir ein grundig innføring i sikkerheitsreglar knytt til handsaminga av våpen.
– Sikkerheita kjem alltid først. Vi har mykje drill i samband med våpenbruk, fortel fenriken, og innrømmer at det er eit stort ansvar å vere befal.

Troppssjef Tennebeck forklarer er det viktig å få øvd inn korrekt militær framferd så fort som mogleg, før ein kan byrje med meir grunnleggjande soldatutdanning. – Vi har eit tett program i løpet av dei sju vekene vi har til disposisjon, seier han.

Etter ein omfattande våpenleksjon går rekruttane over på neste øving. Men regnet og vinden gir seg ikkje. Stilla og mørket legg seg over leiren. Ein ny dag trugar.

Fakta om KNM Harald Haarfagre
  • KNM Harald Haarfagre er den største rekruttskulen i Noreg. Han ligg i Hafrsfjord, om lag seks kilometer frå Stavanger sentrum.
  • Rekruttskulen skal
    – gi grunnleggjande soldatutdanning
    – gjere overgangen frå det sivile til det militære liv så lett som mogleg
    – få rett soldat til rett teneste etter rekruttperioden
  • Januarinnrykket i 2007 starta søndag og heldt fram til torsdag i veke to. Totalt 1383 personar har rykka inn i løpet av denne perioden.
  • KNM Harald Haarfagre er rekruttskule for både Luft- og Sjøforsvaret.




  •  

    Relaterte artikler
    Ingen relaterte artikler.