Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold

Om Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

Redaktør
Ann Kristin Salbuvik
 


Thomas Olsen Gramstad, 2007-01-18



Draumen som brast

I tredje episode av ”Ferskvann er for pyser” fekk vi sjå at dåverande befalselev Kristin Løland slutta på befalsskulen. – Eg blei usyneleg. Mobbing skjer overalt – òg i Forsvaret, seier ho.

Av Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter

Foto: Jon Anders Skau, FMS.
TEK EIT OPPGJER: Løland håper historia hennar vil rette søkelyset mot kvinnepolitikken i Forsvaret. Foto: Jon Anders Skau, Forsvarets mediesenter.

– Eg skulle svært gjerne ha vore i Forsvaret, men det siste halvanna året etter førstegongstenesta kunne eg godt ha vore forutan. Forsvaret må kartleggje problema med mobbing. Eg trur det har kome seg opp gjennom åra, men Forsvaret har framleis ein veg å gå, fortel Løland.

– Jenter skaper friksjon
Løland er overtydd om at nokre jenter i Forsvaret kan ha det verre enn det ho sjølv opplevde. Ho meiner Forsvaret gir eit idyllisk og ofte falsk bilde av korleis jenter har det i tenesta.

– Jenter må vite kva dei går til. Forsvaret er heilt flott om du trivst. Men jenter skaper ein friksjon blant gutane. Uansett kor mykje gutar forsøker å unngå det, så har dei visse haldningar til jenter. Det igjen kan skape situasjonar, ikkje berre i Forsvaret, men overalt, seier ho.

Løland fortel om ei rekkje hendingar som førde til at ho mistreivst så mykje at ho i 2003 valde å forlate Befalsskolen for Sjøforsvaret.

– Eg kunne oppleve at folk snakka bak ryggen min. Dei helsa ikkje på meg, og eg kjende meg som ein byrde. Eg mistreivst så mykje at eg vart sjuk. Eg kjende meg trøytt og slapp, og det viste seg seinare at eg hadde lågt blodnivå. Så eg blei sjukemeldt, og då eg skulle tilbake til befalsskulen var det som å gå rett på ein murvegg, fortel Løland.

– Har eit bra forhold til Forsvaret
Kristin Løland hadde ein draum om å jobbe på ein MTB (missiltorpedobåt). Etter eit og eit halvt år som elev ved Befalsskolen for Sjøforsvaret valde ho å slutte der.
Foto: Jon Anders Skau, FMS
FROSE UT: - Eg kjende meg som ein byrde, og til slutt blei eg sjuk av mistrivnad, fortel Kristin Løland, som i 2003 slutta i Forsvaret. Foto: Jon Anders Skau, Forsvarets mediesenter.


– Eg skulle gjerne ha vore i Sjøforsvaret og på ein MTB. Eg hadde masse bilete av båten, og eg hadde vilja til å gå over fjell for å kome på ein, seier ho.

Løland beskriv sitt eige forhold til Forsvaret som godt, og ho har òg gode minner frå åra i Forsvaret, spesielt frå det første året - då ho avtente førstegongstenesta.

– Eg har nokre flotte minne og gode vener frå tida i Forsvaret, fortel ho.

Ny struktur ved BSS
Sjef ved Befalsskolen for Sjøforsvaret (BSS), kommandørkaptein Geir Vidar Thorkildsen, fortel at skulen no har endra strukturen på opplæringa.

– Sidan 2005 har vi drive verdiforankra opptaksseleksjon. Ein kan nesten ikkje kjenne att befalsskulen i forhold til korleis han var tidligare. I vår modell legg vi vekt på samarbeid elevane imellom for å løyse oppgåver. Det er ikkje lenger eit poeng å sjå kor langt ein klarer å presse seg sjølv. Leiarskap og etikk er det viktigaste, forklarer Thorkildsen.

Han meiner det er all grunn til å ta Løland på alvor når ho fortel historia si.

– Vi kan ikkje ta frå ho kjensla av det ho har opplevd. Ho har sikkert heilt rett i mykje av det ho seier. Vi har godt vaksne befal som er veldig observante i forhold til mobbing, og som er i stand til å kunne løyse konfliktar, forsikrar kommandørkapteinen.

Foto: Parkas Production.
TIL SJØS: Kristin Løland under ei navigasjonsøving på eit fartøy. Foto: Parkas Production.

– Ynskjer kvinner særleg velkommen
Sjefen for Sjøforsvarets skoler, flaggkommandør Bernt Grimstvedt, meiner tryggleik og omtanke er viktig for at kvinner skal kjenne seg trygge.

– Sjøforsvarets skoler ynskjer kvinner særleg velkommen til Sjøforsvaret sine ulike utdanningstilbod. Generelt sett er Forsvaret eit mannsdominert miljø, og dette set store krav til måten vi tek imot kvinner på, og korleis vi legg forholda til rette for at kvinnene skal trivast. For det første må kvinner oppleve at dei blir verdsette og for det andre må dei kjenne seg trygge. Utan desse vesentlege faktorane vil Forsvaret oppleve både sviktande rekruttering og høg avgang av kvinneleg befal, uttaler flaggkommandør Grimstvedt.





Relaterte artikler

Ingen relaterte artikler.