
|
Vakansar - ei generell utfordring
- Vi har vakansar på nær sagt alle kompetanseområde i Forsvarets logistikkorganisasjon (Flo). Eg meiner at utfordringane absolutt er løsbare, seier Ragnar Sondov, sjef lederstøtte i Flo Produksjon.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

| | ATTRAKTIVE: Flos tilsette er etterspurt i den sivile arbeidsmarknaden og i Forsvaret. (Arkivfoto: Forsvaret) |
At Forsvaret evnar å utvikle attraktiv og kompetent arbeidskraft er ikkje nett noko nytt. Nytt er det heller ikkje at sivil sektor ynskjer å knytte til seg arbeidskraft som i dag er knytte til Forsvaret. Det gjeld mellom anna flyteknikarar, ein attraktiv arbeidskraft hos både flyselskap og olje- og offshorenæringa.
Ofte kan næringslivet tilby betre lønn og arbeidstilhøve, og får nokre høvet til ein jobb nærare den opphavelege heimstaden kor slekt og vener bur er det mange som velger å takke ja til tilbodet. Oberstløytnant Sondov seier at noko tilfeldig avgang i Flo er vanleg og kan hende ynskjeleg, men understreker at Flo som organisasjon i hovudsak er genuint oppteken med å halde på sine tilsette.
Nyttar lønspåslag som verkemiddel
- Vi nyttar dei verktya vi har til tilgjengeleg. Når det gjeld løn gjev hovudtariffavtala i staten rom for auka lønnspåslag til ulike kompetansegruppar og til einskilde medarbeidarar. I Flo Produksjon har vi nytta oss av dette, og det i aukande grad. Elles søkjer vi å vere lydhøre ovafor dei tilsette, mellom anna for å skaffe oss meir kunnskap om korleis vi kan bidra med tilpassingar som kan gje auka motivasjon i arbeidskvardagen. Vi tek arbeidet med å utvikle Flo til ein attraktiv og meritterande arbeidsplass på alvor. Dette er komplekse utfordringar, og det blir for enkelt å møte dei med berre eitt tiltak, sier oberstløytnant Sondov.
Kan ikkje dimensjonere for bølgetoppar
Han legg til at rekruttering og utdanning av fleire medarbeidarar er viktig, men ikkje for å møte det han vurderer som ”bølgetoppar”.
- Det blir feil å dimensjonere organisasjonen for å møte toppar. Vi må dimensjonere for den jamne tenesteproduksjonen. Eg synes ikkje det er veldig problematisk å leie arbeidskraft for å ta unna bølgetoppane, seier han.
Stor etterspurnad
På land-sida, mellom anna i Flo Base Østerdalen, opplever dei auka etterspurnad basert på aktivitetsauke hos Hærens styrker og Hærens jegerkommando. Utfordringa blir da å kunne handtere auka behov raskt nok.
- Dette er vanskeleg når vi ikkje har naudsynt personell tilgjengeleg. Auka utdanning av befal vil truleg vere naudsynt for å ivareta etablert struktur, og for å kunne oppretthalde naudsynt grad av gripbarheit og reaksjonsevne, seier oberstløytnanten.
- Reetabler befalsskule-ordninga
Leiaren i Befalets Fellesorganisasjon (BFO), Didrik Coucheron, seier Forsvaret hovudsakleg må konsentrere seg om å rekruttere, utvikle og halde på arbeidskrafta. Han seier situasjonen i Flo er eit resultat av omorganiseringa og personellkutta i organisasjonen, samstundes som det sivile arbeidsmarkedet i høg grad har - og ynskjer å halde fram med å knytte til seg medarbeidarar frå Flo.
- Fokuset som har vore på personellkutt i Flo har svekka arbeidet med å rekruttere, utvikle og halde på naudsynt kompetanse. På kort sikt må Flo tilby betre løns- og arbeidstilhøve. Kutta i gratis besøksreiser for befal var ikkje nett med på å betre tilhøva for befalet. På lengre sikt må Forsvaret tilstrebe ein betre og jamnare rekruttering. BFO meiner at reetablering av befalsskulane, som var ein særs viktig rekrutteringsportal til Forsvaret, er naudsynt. Befalsskulane var ein merkevare som trakk mange og flinke folk til Forsvaret. I tillegg må ein utdanne tilstrekkeleg med folk på krigsskulane og ingeniørnivå. Fokuset må ligge på å rekruttere, utvikle og halde på personellet, seier Didrik Coucheron, leiar i BFO.
|

|