Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Thomas Olsen Gramstad, 2007-01-22


Går rett til kjelda

SESSVOLLMOEN: – Korleis kjører eg denne vogna? Kor langt kan denne kanonen skyte? Spørsmåla hagla då elevar frå fem vidaregåande skular tysdag besøkte Forsvarets tekniske befalsskole på Sessvollmoen.

Av Thomas Gramstad og Vegard Breie (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Vegard Breie, FMS.
THUNDERGRAB: Ingeniørpanservogna var ein stor attraksjon då Forsvarets tekniske befalsskole tysdag arrangerte open dag for elevar frå den vidaregåande skulen.

Hensikta med arrangementet er å gi elevane eit innblikk i nokre av sidene ved utdanninga ved skulen.
– Vi håper å kunne vise kva vi har å by på, fortel seniorkonsulent Pål Morten Holden.

Variert utval
Gjennom fire forskjellige postar fekk elevane høve til å lære meir om utdanningstilboda ved Forsvarets tekniske befalsskole. Særleg populær var posten for utstilling og demonstrasjon av kjøretøy, teknisk materiell og våpen. Her kunne ungdomen setje seg bak styrespakane på stridsvogner og sjå på eit stort utval våpen.

Foto: Vegard Breie, FMS.
INTERESSANT: – Eg kunne kanskje tenkje meg ei framtid i Forsvaret. Det er noko eg absolutt vurderer, seier Steinar Solberg frå Ås vidaregåande.

– Dette går så det grin. Eg kunne kanskje tenkje meg ei framtid i Forsvaret. Det er noko eg absolutt vurderer, seier Steinar Solberg frå Ås vidaregåande skule entusiastisk.

Plutseleg startar ein kraftig motor i bakgrunnen, og alle - elevar så vel som lærarar - samlar seg kring ein svær maskin som for utanforståande fortonar seg som ein krysning mellom stridsvogn og gravemaskin.
– Dette er ein såkalla Thundergrab – ein ingeniørpanservogn, vert elevane fortalde.

– Ikkje berre ei teknisk utdanning
Sjølv om Forsvarets tekniske befalsskole er retta mot ei teknisk utdanning, må ein ikkje gløyme at skulen òg gir ei leiarutdanning. Arrangementet i idrettshallen hadde nettopp som hensikt å streke under dette.

– Vi må gi desse ungdomane eit realistisk bilete av kva for fysiske krav Forsvaret stiller. Vi trur og håper at vi oppnår noko med dette. Hittil har vi berre fått positive tilbakemeldingar frå elevane, fortel idrettsoffiser Jan Kristian Bredesen.

Foto: Vegard Breie, FMS.
LEIARUTDANNING: Ved sidan av å gi teknisk kompetanseheving, får elevar ved Forsvarets tekniske befalsskole òg ei leiarutdanning. Det stiller fysiske krav. Her får elevar frå Sentrum vidaregåande skule ein liten smakebit på fysisk trening i Forsvaret.

Etter ei sveitt, men moro treningsøkt tek elevane frå Sentrum vidaregåande skule ein velfortent lunsjpause.

– Ynskjer fleire søkjarar
Holden ynskjer at fleire unge menneske vel å ta ei teknisk utdanning i Forsvaret.

– Det dreier seg om å rekruttere kvalifisert ungdom med relevant bakgrunn. Det nyttar ikkje å invitere heile skular med alle moglege elevar på besøk, så difor har vi besøk av klasser som driv med teknisk utdanning. Vi må gå rett til kjelda, avsluttar han optimistisk.

Open dag ved Forsvarets tekniske befalsskole
  • I oktober sende Forsvarets tekniske befalsskole ut invitasjonar til 40 skular med relevante linjer. 22 av desse skulane ynskjer å besøke Sessvollmoen, medan 13 av skulene ynskjer besøk der dei held til.
  • Skuleklassar frå mellom anna Valdres, Vest-Telemark og Ål har vore på besøk.
  • Torsdag 25. januar held Forsvarets tekniske befalsskole på Sessvollmoen den siste opne dagen for denne sesongen.




  •  

    Relaterte artikler
    Ingen relaterte artikler.