
|
FN-veteran til New York
Oberstløytnant Øyvind Dammen er utnemd til stillinga som militærrådgjevar ved den faste norske delegasjonen i FN.
Av Dag Rydmark, informasjonssjef FN-Veteranenes Landsforbund

| | TIL FN: Oberstløytnant Øyvind Dammen blir militærrådgjevar ved den faste norske delegasjonen i FN. Foto: FN-Veteranenes Landsforbund. |
Noreg har ein permanent delegasjon til FN sitt hovudkvarter i New York, slik dei aller fleste medlemsland har. Bidraget tel omlag 20 personar under leiing av ambassadør Johan L. Løvald.
Oberstløytnant Øyvind Dammen har gjort teneste ved FN-delegasjonen også i ein tidlegare periode, då som assisterande militærrådgjevar.
Mykje FN-røyndom
Dammen er ein gamal travar når det gjeld styrkeproduksjon til internasjonale operasjonar. Han har mellom anna fartstid som sjef for FN-avdelinga ved Jegerkorpset Akershus Regiment frå 1995 til 1997 og som kontorsjef ved Forsvaret sitt kompetansesenter for internasjonal verksemd frå 1997 til 1999. Då reiste han til FN-hovudkvarteret i New York som assisterande militærrådgjevar for ei periode på tre år.
Internasjonal verksemd
Etter heimkomsten frå FN-systemet i august 2002 var han først ein tur innom Forsvarsdepartementet før Banda Aceh-provinsen i Indonesia sto på reiseplana i eit halvt år.
Frå sumaren 2003 var han assisterande sjef ved Forsvaret sitt kompetansesenter for internasjonal verksemd, og frå 2005 var han sjef ved Forsvarets skolesenter, seksjon for internasjonal verksemd.
– Det er med både stoltheit og audmjukskap eg skal ivareta interessane til norske styresmakter og samstundes representere ein av organisasjonen sine 192 eigarar. Eg har vore her før og kjenner nokonlunde kva eg går til, slutter han.
Oberstløytnant Øyvind Dammen tiltrer stillinga 1. august i år.
|

|