Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Thomas Olsen Gramstad, 2007-01-25


– Fridom og fullt ansvar

– Besetninga om bord er så dugeleg at det er ei stor ære å vere sjef på dette fartøyet. Eg har den beste jobben i verda, seier Halvard Flesland, skipssjef på KNM Fridtjof Nansen.

Av Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter

Foto: Parkas Production.
PÅ JOBB: - Eg har den beste jobben i verda, seier skipssjef Halvard Flesland. Foto: Parkas Production.

Det er i dag 14 månader att av den omfattande testperioden før den nye fregatten er fullt operativ. Men nytt og avansert utstyr betyr at mannskapet ikkje kan liggje på latsida.

Fjerde episode
I kveld klokka 20.00 kan du sjå fjerde episode av fjernsynsserien "Ferskvann er for pyser" på TVNorge. Serien tek for seg utdanninga til fleire kadettar og bygginga av ein av dei nye fregattane til Sjøforsvaret.

Mykje gjenstår
KNM Fridtjof Nansen har nett vore i Barentshavet for å teste korleis skipet klarer seg i arktisk klima. Kommandørkaptein Flesland gler seg til å kunne ta i bruk dei kapasitetane skipet har.

– Det er eit fantastisk fartøy som har kapasitetar vi tidlegare berre har sett konturane av. Det er eit teknologisk kvantesprang, fortel han entusiastisk.

Matrosar og befal har gjennomgått ei lang opplæringsperiode før dei har fått kome om bord på det avanserte fartøyet. Vernepliktige som skal tenestegjere på Fridtjof Nansen, får grundig opplæring når dei kjem på fregatten. Til tross for at det er mykje å gjere og lære, har besetninga det godt.

– Mannskapet trivst godt. Særleg under spesielle arrangement er det mykje arbeidsvilje og glede å sjå. Men eg er nok den siste som får høyre det om folk ikkje trivst, seier kommandørkaptein Flesland spøkefullt.

– Ubeskriveleg
Jobben som skipssjef på den nye fregatten er ei takksam oppgåve. Likevel er det ikkje berre fryd og gammen ute på sjøen.

– Klart det kan vere vanskeleg å halde like mykje kontakt med familien som eg ynskjer. Min eigen familie har i stor grad forståing for arbeidssituasjonen min. Men ei av dei verkeleg store utfordringane som skipssjef er nettopp å få balansert mannskapet sitt familieliv, fortel Flesland.

Arkivfoto: Forsvaret.
NØGD: Halvard Flesland er godt nøgd med det nye skipet. Om 14 månader er KNM Fridtjof Nansen fullt operativ. Arkivfoto: Forsvaret.

Skipssjefen tek dagane og utfordringane som dei kjem. Og utfordringar er det ikkje mangel på.

– Som skipssjef er eg mellom anna involvert i planlegging av øvingar. Dessutan har det vore nokre små problem med enkelte tekniske system på skipet, men dette er noko vi berre veks på, seier han optimistisk.

Han meiner jobben som skipssjef ikkje let seg beskrive med enkle ord.
– Det er ubeskriveleg. Eg har full fridom og fullt ansvar, avsluttar han.

Fridtjof Nansen-klassen
  • Lengde: 134 meter
  • Breidde: 16,8 meter
  • Marsjfart: 26 knop
  • Besetning: 56 befal, 31 vervede, 34 menige og lærlingar (totalt 134 personar)




  •  

    Relaterte artikler
    Ingen relaterte artikler.