
|
Industripakkane i søkelyset
- Val av flytype må takast ut frå kor vi skal og kva vi skal gjere i framtida, ikkje ut frå kva vi har gjort tidlegare, sa statssekretær Espen Barth Eide om anskaffinga av nye kampfly under gårsdagens kampflyseminar i Oslo.
Av Frank Rosvoll og Vegard Breie (foto), Forsvarets mediesenter

| | NØGD: Alle dei tre tilbydarane har no betre industripakkar enn dei hadde for eitt år sidan, sa statssekretær Espen Barth Eide. |
Han samanlikna valet av type kampfly med utforminga og omorganiseringa av Forsvaret og slo fast at Noreg treng eit kampflyvåpen.
– Vi treng ein eigen flåte med kampfly for å ivareta og sikre interessane våre ikkje minst knytta til havområda. Men kva for type jagerfly treng vi? Det vi veit er at alle dei tre flyprodusentane utviklar nye versjonar som alle er det 21. århundres kampfly. Noreg er i den situasjon at vi kan bruke tid på ta avgjersla om kva for fly vi skal velje, men for å ta del i det industrielle samarbeidet og utviklinga av ny teknologi, er det samstundes viktig at Noreg er med når toget går, sa statssekretær Barth Eide.
Internasjonalisering av forsvarsindustrien
Statssekretæren la stor vekt på at den politiske leiinga vil nytte prosjektet til å hjelpe den norske forsvarsindustrien til å ta del i ein jamt akselererande internasjonaliseringa av forsvarsindustrien.
– Alle dei tre tilbydarane har no betre industripakkar enn nokon av dei hadde for eit år sidan. Vi er i den situasjonen at vi kan ta oss råd til å ha eit utviklingssamarbeid med alle dei tre kandidatane, sa ein nøgd statssekretær som ikkje ga nokon hint på om nokre av kandidatane peika seg ut i konkurransen om å få levere kampfly til Noreg.
Multirollefly
Forsvarssjef Sverre Diesen la vekt på at den nye flåten av kampfly må kunne ivareta fleire og ulike roller.
– Det er Hæren og Sjøforsvaret som har bruk for ein luftstridskapasitet. Ein liten styrke krever multirollefly. Prosjektet fordrar eit langtidsperspektiv, det vil seie at vi må kunne bruke og oppgradere kampfly i løpet av levetida. Vi tar høgde for dei økonomiske ramane i samband med dette, sa forsvarssjefen.

| | STOR INTERESSE: Interessa for produsentane sine presentasjonar av dei ulike kampflyprosjekta var upåklageleg. Her er visepresident Tom Burbage frå JSF og LockheedMartin. |
Produsentane
Det var ein tallrik og interessert møtelyd som var til stades på seminaret som fann stad i Oslo Militære Samfund torsdag. Mellom anna var representantar for Eurofighter-konsortiet EADS, LockheedMartin (JSF) og SAAB (Jas Gripen) til stades.
Dei fekk høve til å gjere greie for kapasitetane til dei tre kampflya og ikkje minst det industrielle samarbeidet norske bedriftar kan få gjennom deltakinga i dei respektive prosjekta. Norske medier var også tilstades – eit bilete på den store interessa for kampflyprosjektet utanom Forsvaret.
|

|