Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Thomas Olsen Gramstad, 2007-02-01


Treffer målgruppa

Ei fersk spørjeundersøking syner at fjernsynsserien ”Ferskvann er for pyser” treffer målgruppa: Ungdomen.

Av Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter

Foto: Parkas Production.
POPULÆRT: Undersøkinga viser at det spesielt er ungdom som ser på fjernsynsserien "Ferskvann er for pyser". Foto: Parkas Production.

Spørjeundersøkinga, som er tinga av Forsvaret, er utført av analyseselskapet Synovate MMI. I alt 1001 personar vart spurde, og av desse tok 898 inn TVNorge. Intervjua vert gjort på fast- og mobiltelefon i veke tre, då tredje episode av ”Ferskvann er for pyser” blei vist.

Siste episode
I kveld klokka 20:00 kan du sjå femte og siste episode av serien "Ferskvann er for pyser" på TVNorge. Programmet tek for seg utdanninga til fleire kadettar og bygginga av ein av dei nye fregattane til Sjøforsvaret.

Når ungdomen
Undersøkinga syner at fjernsynsserien har høgast sjåartal blant ungdom i alderen 15 – 24 år. Denne gruppa utgjer 20 prosent av dei spurde som har sett programmet. Òg TVNorge merker at særleg unge menneske syner interesse for TV-serien.

– Programmet er klart mest populært blant unge gutar, seier Anita Raaberg, informasjonsmedarbeidar i TVNorge.

Vidare kjem det fram av undersøkinga at nærmare 60 prosent meiner at fjernsynsserien gir eit bilete som passer ganske godt med deira inntrykk av Forsvaret. Det er spesielt kvinner som meiner dette. Fire av fem oppgjer at dei liker programmet, medan 71 prosent opplever det som informerande.

– Nøgd
TVNorge opplyser at premieren på ”Ferskvann er for pyser” blei sett av om lag 122 000 personar. Dette er tal fjernsynskanalen er nøgd med.

– Vi er nøgde med sjåartala. No var det om lag 84 000 personar som såg fjerde episode – ein slik nedgang er heilt naturleg, opplyser Anita Raaberg i TVNorge.

Arkivfoto: Torgeir Haugaard, Forsvarets mediesenter.
POSITIVT: Sjef Sjøforsvarets skoler, flaggkommandør Bernt Grimstvedt, synest funna i undersøkinga er positive. Arkivfoto: Torgeir Haugaard, Forsvarets mediesenter.

Òg Forsvaret har grunn til å vere nøgd; 43 prosent av dei spurde seier at dei ville ha byrja i Forsvaret dersom dei var i rett alder – talet er høgast i aldersgruppa 15 – 24 år. Eit anna funn er at kvinner er meir positive til å anbefale Forsvaret enn menn. På spørsmål om ein vil anbefale Forsvaret til personar i rett alder, svarer 72 prosent av kvinnene ja.

Sjef for Sjøforsvarets skoler, flaggkommandør Bernt Grimstvedt, stiller seg positiv til funna i undersøkinga.

– Eg synest desse tilbakemeldingane er positive. Viss fjernsynsserien bidreg til å oppretthalde Sjøforsvarets og Sjøforsvarets skolers høge vørdnad er ingenting betre enn det, seier Grimstvedt.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.