Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Thomas Olsen Gramstad, 2007-02-01


Meir tryggleik med panser

I slutten av denne veka vert fem Iveco LMV-kjøretøy sende til dei norske styrkane i Afghanistan. – Vi ser fram til å ta i bruk dei nye kjøretøya, seier Egil Haukland, sjef for den hurtige reaksjonsstyrken (QRF).

Av Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter, og Fredrik B. Olsen (foto), informasjonsavdelingen i Tradok

Arkivfoto: Fredrik B. Olsen, infoavdelingen i Tradok
IVECO LMV: Dette kjøretøyet skal gjere kvardagen tryggare for dei norske styrkane i Afghanistan.

I alt skal 16 kjøretøy av typen Iveco LMV (light multirole vehicle) sendes til Afghanistan. Dei fem første bilane blir frakta til Kabul i Afghanistan med innleidde fly. Det opplyser major Audun Bye ved Forsvarets logistikkorganisasjons logistikk-operasjonssentral (Flo logops).

Fyller eit tomrom
Per dags dato har dei norske styrkane i Afghanistan ikkje noko som kan fylle tomrommet mellom upansra feltvogner og pansra vogner som til dømes CV-90. Med den lettpansra Iveco LMV vil dette tomrommet bli fylt.

– Vi skal nytte desse kjøretøya til å løyse dei oppgåvene vi har som hurtig reaksjonsstyrke. Dei trengs for å auke styrkebeskyttelsen. Førebels har vi ikkje nokre lettpansra kjøretøy, så vi ser fram til å ta i bruk dei nye bilane, fortel oberstløytnant Egil Haukland.

Haukland fortel at det ikkje blir aktuelt å sende dei gamle feltvognene heim med ein gong.

– Vi skal ta i bruk desse nye kjøretøya når vi er heilt sikre på korleis dei skal nyttast, så vi skal ikkje sende heim dei andre bilane med det første, seier han.

Ifølgje Audun Bye ved Flo logops vil dei fem første bilane bli sende av garde anten på torsdag eller fredag denne veka.

Dette er Iveco Light multirole vehicle:
  • lengde: 4,79 meter
  • høgde: 2,05 meter
  • breidde: 2,02 meter
  • toppfart: 120 km/t
  • nyttelast: 540 kg
  • total masse: 7 tonn




  •  

    Relaterte artikler
    Ingen relaterte artikler.