Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2007-01-31


JSF-avtale underteikna i dag

Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen underteikna i dag produksjonsavtalen innanfor Joint Strike Fighter-prosjektet. Avtalen er mellom styresmaktene i dei deltakande nasjonane.

Av Frank Rosvoll og Per Arne Juvang (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Per Arne Juvang, Forsvarets mediesenter
NOREG ER FRAMLEIS MED: Forsvarsministeren underteikna produksjonsavtalen med JSF-prosjektet.

Under signeringa var USA representert ved sin ambassadør i Noreg, Benson Whitney. Sjølve underteikninga var eit resultat av den beslutninga forsvarsministeren tok tidlegare i år. Etter ei samla vurdering ga den klarsignal til å halde fram med den norske deltakinga i det fleirnasjonale samarbeidet om Joint Strike Fighter (JSF).

Fleirnasjonal avtale
Noreg er den sjuende nasjonen som har teikna under på avtalen. Dei andre deltakande nasjonane som har signert er USA, Storbritannia, Australia, Nederland, Tyrkia og Canada.
– Denne avtalen vil leggje grunnlaget for ein framtidig anskaffing, drift og vidare utvikling av JSF dersom dette blir den kandidaten vi til slutt vel som vårt framtidige kampfly, seier Strøm-Erichsen.

Dette er en fleirnasjonal avtale, og den vil bli gjort offentleg tilgjengeleg så snøgt det blir gjeve klarteikn frå dei andre deltakande nasjonane.

Held fram som kandidat
Ved underteikninga understrekte forsvarsministeren at avtalen med amerikanarane tyder at JSF held fram med å vere ein av dei tre kandidatane til å levere nye kampfly til Noreg. Ho la til at norske styresmakter er i ferd med å få i stand utviklingsavtaler med produsentane av JAS Gripen og Eurofighter. Kva for type kampfly Noreg skal kjøpe, vil venteleg blir avgjort innan 2008.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.