Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Thomas Olsen Gramstad, 2007-02-06


Fekk lære av ein polfarar

KITTILBU: Ski, trugar og vinterklede; befalselevane er godt rusta under øving Vinterdrill 07. Men med hjelp av ein eventyrar med spesialutdanning frå Forsvaret fekk dei på plass det siste utstyret: Gode haldningar.

Av Thomas Gramstad og Vegard Breie (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Vegard Breie, Forsvarets mediesenter.
DELTE ERFARINGER: Befalselevane lytta spente då ekspedisjonsfarar og tidlegare marinejeger Rune Gjeldnes fortalde om hans førre tur.

– I Marinejegerkommandoen (MJK) lærde vi at vi ikkje har lov til å feile. Ein må snu problem til utfordringar – og utfordringar liker vi jo, fortalde tidlegare marinejeger Rune Gjeldnes i eit foredrag for befalselevane på øving. Dei 200 tilhørarane lytta spent, for gode råd er dyrekjøpte på vinterfjellet.

– Frykt – ein god leietråd
Ifølgje den erfarne ekspedisjonsfararen dreier overlevingssituasjonar seg vel så mykje om det mentale som det fysiske. Gjeldnes, som mellom anna har gått Sydpolen på tvers, delte sine erfaringar med befalselevane.

– Eg måtte presse positive ord og tankar inn i hovudet. Det er viktig å ha noko å sjå fram til – eg drøymde om å byggje eit svært hus og ete vaffelkaker. Av og til måtte eg stå på hovudet for å samle tankane og unngå å tenkje negativt. Frykt er ein innmari god leietråd for kor grensene går, sa eventyraren.

Foto: Vegard Breie, Forsvarets mediesenter.
TENK POSITIVT: Ifølgje Gjeldnes er det aller viktigaste å heile tida tenkje positivt.

Etter fire år i MJK fekk Gjeldnes erfare at haldningar og tenkjemåte er nøkkelen til suksess. Det er nett det overlevingsøvinga Vinterdrill 07 på Kittilbu dreier seg om.

Isbading og skredteneste
Vinterøvinga held fram til slutten av uka. Fram til då skal elevane ha vore gjennom isbading, skredteneste og andre kurs som skal gi meistring i overleving under vinterforhold. Øvingsleiar Kjetil Rød meiner dette er eit godt høve til å gi befalselevane ei god oppleving av vinterfjellet.

– Det viktigaste er trua på at ein kan meistre alle moglege forhold. Øvinga skal skape trivsel og motivasjon for å meistre forholda på vinterfjellet, fortel majoren.

Både Rød og befalselevane sette pris på at Rune Gjeldnes tok den lange turen opp på fjellet.
– Det er kjempeflott at Rune er her. Han er ein glimrande mann som har gjennomført heilt utrulege bragder. Her har vi mykje å lære, seier Kjetil Rød.

– Ein historisk suksess
Dei 200 elevane som deltek på øvinga kjem frå fire ulike befalsskuler i Forsvaret. Det er Forsvarets ingeniørhøgskole (FIH) som er vert under øvinga. Sjølv om overlevingskurset framleis er eit par dagar unna slutten, meiner major Rød det er ein suksess.

Foto: Vegard Breie, Forsvarets mediesenter.
SUKSESS: Øvingsleiar Kjetil Rød meiner øving Vinterdrill 07 er ein stor suksess. - Aldri tidlegare har vi samla elevar frå så mange befalsskuler på ei øving, seier han.

– Aldri tidlegare har vi samla elevar frå så mange befalsskuler på ei øving. Det er nesten ein historisk suksess, seier han.

Etter ein del praktiske kurs går øving Vinterdrill 07 no over i ein ny fase. Dei neste dagane skal elevane gå ein skimarsj i vanskeleg terreng. Då kan ein polfarar sine erfaringar vere god last å ha i ryggsekken.

Om øving Vinterdrill 07
  • Øvinga vert heldt på Kittilbu i Oppland fylke
  • Om lag 200 befalselevar deltek på øvinga. Dei kjem frå fire ulike befalsskuler i Forsvaret:
    - Forsvarets tekniske befalsskole (FTBS)
    - Befalsskolen for etterretning og språk (BSES)
    - Forsvarets ingeniørhøgskole (FIH)
    - Hærens befalsskole, elevar frå Garden (HBS)
  • Øvinga vert avslutta på fredag, men nokre elevar held på til midten av neste veke.




  •  

    Relaterte artikler
    Ingen relaterte artikler.