Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2007-02-09


Aktuelt ordskifte om kampfly

TRONDHEIM: Luftmaktseminaret ”Nytt kampfly – hvilket, og til hva” er vel i hamn. Ifølgje Ole Jørgen Maaø ved Luftkrigsskolen i Trondheim kunne ikkje temaet for Luftforsvaret sitt årlege luftmaktseminar vært meir aktuelt.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

Foto: Frank Rosvoll, FMS
VIKTIG FORUM: Fylkesmann i Akershus, Hans Røssjorde (t.v.), og oberst Rune Bjerkås var nokre av dei som nytta høvet til ein solid drøfting av aspekta kring kampflyprosjektet.

– Vi ynskja å setje søkjelyset på dei banale spørsmåla, til dømes kva vi skal med nye kampfly og kvifor. Eg meiner luftmaktseminaret har klart dette, seier høgskulelektor Ole Jørgen Maaø ved Luftkrigsskolen i Trondheim.

Maaø har vært fagleg ansvarleg for årets luftmaktseminar. Han meiner temaet for årets seminar på mange vis gav seg sjølv.
– At mellom anna leiaren av forsvarskomiteen i Stortinget tok seg tid til å følgje heile seminaret som har vart i over to dagar, tek eg som eit teikn på at vi faktisk har levert eit bidrag til ordskiftet om kampflyprosjektet, kommenterar høgskulelektoren.

– Skulle vi tatt for oss kampflyprosjektet på kommande års luftmaktseminar, ville vi truleg vore for seint ute, påpeikar han.

Pilot med meiningar
”Ivo” frå 332-skvadronen på Bodø følgde luftmaktseminaret. Som dei fleste F-16 flygarar er han sterkt oppteken av ordskiftet kring kampflyprosjektet.
– Den politiske avklaringa er kome lengre enn kva eg oppfatta at den hadde, fortel F-16 flygaren.

Han legg til at det er bra at politikarane no er samde om at Noreg skal få nye kampfly.
– Nye kampfly er naudsynt, meiner han.
Brukarperspektivet
Flygaren tilkjennegjev at fleire i ordskiftet har definert Luftforsvaret til å vere pro-Joint Strike Fighter og pro-amerikansk, og at det er gitt kva Luftforsvaret ynskjer seg. Det tek han avstand frå.

– Det er riktig at sambanda til USA er gode, at Noreg tradisjonelt har nytta amerikanske fly, og at eg i likskap med andre flygarar har delar av utdanninga mi frå USA. Men det er naturlegvis ikkje slik at vi slukar alt som kjem derifrå rått, eller at vi er blindt positive til USA, påpeikar han.

Han trekk fram at Forsvaret historisk sett har hatt vel så mykje band til britane.
– Vi har EPAF-tilknytinga (European Participation Air Forces – eit samarbeid mellom Noreg, Nederland, Danmark, Belgia og Portugal på F-16-sida red.anm.). Mitt poeng er at vi er vande med å samarbeide med fleire nasjonar, noko vi verdsett og ser nytta av. For oss er det avgjerande kva for fly som er den beste reiskapen til å løyse oppdraga vi er sett til å gjere, seier den garva jagarflygaren.

Godt ordskifte
Generalinspektøren for Luftforsvaret, generalmajor Stein Nodeland, avslutta luftmaktseminaret med å slå fast at seminaret har levd opp til forventningane om å vere eit opent og fagleg interessant forum med innlegg som inspirerte til eit aktivt og godt ordskifte kring Luftforsvaret si framtid.




 

Relaterte artikler



Høytflyvende kampflyseminar 2007-02-07





Politisk enighet om kampfly 2007-02-08