Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Thomas Olsen Gramstad, 2007-02-13


Eit forsvar med moglegheiter

– Den strategiske soldaten har eit indre samspel mellom hjerne og hjarta, sa sjefen for Krigsskolen, Odin Johannessen, i eit foredrag i Oslo Militære Samfund i går.

Av Thomas Gramstad og Vegard Breie (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Vegard Breie, FMS.
DEBATT: Tre sjefar i Forsvaret og éin frå det sivile næringslivet var samla på Oslo Militære Samfund for å diskutere utdanning og kompetanse i Forsvaret.

Utdanning og kompetanse stod på programmet då sjefar frå tre avdelingar i Forsvaret kom saman til ein diskusjonsaftan. Personaldirektør Johnny Løcka frå Kongsberg Gruppen var òg invitert til debatten.

Nye tider, nye krav
Forsvaret må vere i takt med tida. Ifølgje Arne Røksund, direktør ved Forsvarets høgskole, stiller dette krav til utdanning i Forsvaret.

– Militær utdanning må vere relevant over heile linja. Fellesnemnaren er korleis ein skal tilnærme seg ei problemstilling. Grensa mellom krig og fred er stadig vanskelegare å sjå, sa kontreadmiralen.

Òg Odin Johannessen minna om at konfliktbiletet i verda har endra karakter.

– Skal vi løyse konfliktar nyttar det ikkje berre med ny teknologi. Den menneskelege faktoren er vel så viktig. Krig er ikkje avskaffa – han har berre fått eit nytt andlet, presiserte oberst Johannessen.

Foto: Vegard Breie, FMS.
KRIG OG FRED: Kontreadmiral Arne Røksund meiner det nye konfliktbiletet i verda stiller nye krav til Forsvaret.

– Med ein arm bunde på ryggen
Evna til stille med operative styrker er ifølgje kontreadmiralen det viktigaste ved stabs- og masterstudiar ved krigsskulane. Sjølv om Røksund er nøgd med den høgare militær utdanninga i Forsvaret, legg han ikkje skjul på at skulane kanskje må gjere ein betre innsats for å få tak i ungdomen.

– Det er ein hard arbeidsmarknad. Dette merkar òg Forsvaret. Skular som tilbyr høgare militær utdanning rekrutterar ikkje blant 19-åringar. Sånn sett går vi ut med ein arm bunde på ryggen, fortalde direktøren ved Forsvarets høgskole.

Johnny Løcka frå Kongsberg Gruppen delte nokre erfaringar frå det sivile næringslivet. Samstundes etterlyste han ny tenking i Forsvaret:
– Det viktigaste verkemidlet er eit godt omdømme. Saman med kvardagsleiing er det vegen til suksess. Det gjeld i eitkvart selskap. Dei tilsette må oppleve god leiing og få rom til utvikle seg på arbeidsplassen. Kvifor skal ressurssterke menneske velje Forsvaret? Det er eit spørsmål dykk må tenkje over.

– For sjølvkritisk
Personaldirektøren i Kongsberg Gruppen meiner likevel at Forsvaret på ein del område har vore for hard mot seg sjølv.

– Eg trur Forsvaret er litt for sjølvkritisk. Tilsette, militære så vel som sivile, veit korleis dei skal gjere jobben sin. No gjeld det berre å få syneleggjort karrieremoglegheitene i Forsvaret, sa Løcka.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.