
|
HV-ungdom til Midtvesten
I dag dreg 105 HV-soldatar til Camp Ripley i Minnesota på den årlege utvekslinga med National Guard. 60 av dei er HV-ungdom. – Ei gulrot for ungdomane, seier oberstløytnant Jan Erik Fransson, som leiar den norske kontingenten.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

| | TIL MIDTVESTEN: Norske HV-ungdomar dreg til Amerika i høve utvekslinga med National Guard. Foto: Vegar Schwartz, HV-staben. |
Gjennom to intensive veker skal norske 60 heimevernsungdomar, 20 soldatar frå Heimevernet (HV) sine nye innsatsstyrkar og 25 HV-befal stifte nærare kjennskap til systerorganisasjonen sin i USA. Dei heile finn stad i treningssenteret for US Minnesota National Guard, om lag 20 mil nord for Minneapolis.
Fruktbar vitjing
Utvekslinga har blitt noko av ei tradisjon i løpet av meir enn 30 år. Det heile starta då ein general frå National Guard vitja Noreg i 1973. Det vart raskt bestemd å skipe ei utveksling mellom norske HV-ungdomar og amerikanske ungdomar i National Guard.
Nordmennene dreg til USA, mens eit tilsvarande tal amerikanarar dreg til Noreg. Om lag 3000 norske ungdomar har vore med på utvekslinga i åra som har gått, og tilsvarande mange amerikanske ”HV-soldatar” frå dei norsk-amerikanske områda har trena i Noreg.
– Den militærfaglege sida er viktig, men like viktig er dei relasjonane vi byggjer. Det kulturelle og sosiale utbyttet ungdomane får gjer dei ei stor oppleving. Det er stor rift om å få vere med på utvekslinga med amerikanarane. Dei HV-undomane som blei plukka ut, har vist godt innsats og holdning i tenesten, seier oberstløytnant Fransson.

| | KONTINGENTLEIAR: Oberstløytnant Jan Erik Fransson leiar den 105 mann store kontingenten som dreg til Minnesota. Foto: Vegar Schwartz, HV-staben. |
Fagleg og kulturelt utbytte
Målet med utvekslinga er militærfagleg erfaringsutveksling og eit kulturelt møte med det dei norske kjerneområda i Midtvesten. Dei norske deltakarane skal trene med amerikansk utstyr og i lag med amerikansk personell. HV-ungdomane får også oppleve USA på eit meir sivilt og kulturelt plan. Mellom anna er ei sokalla ”buddy weekend”, ei helg kor ungdomane tilbring tida saman med kvar sin amerikanske vertsfamilie, ein del av programmet.
Samstundes som dei norske HV-ungdomane vitjar Minnesota, kjem eit tilsvarande tal amerikanske soldatar til Heimevernet sitt utdanningssenter på Værnes.
Fyste gang utvekslinga fann stad var i februar 1974. Sidan har utvekslinga vore ei årleg hending. Det vart raskt utvikla sterke tradisjonar for utvekslinga.
|

|