Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2007-02-15


Forsvarsbygg med godt resultat

Forsvarsbygg sitt rekneskap for 2006 syner at verksemda fekk eit samla resultat på om lag 960 millionar kroner. 433 millionar kroner kjem frå sal av eigedom (resultat Skifte Eiendom).

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

Foto: FMS
SEL UNNA: Forsvarsbygg har minska Forsvaret sitt areal med to millionar kvadratmeter dei siste åra. Gamle Steinkjersannan er ein av leirane som er avhenda. Arkivfoto: Forsvarets mediesenter.

Det samla resultatet inneber at Forsvarsbygg kan overføre 934 millionar kroner til Forsvarsdepartementet som eig Forsvarsbygg. Forsvarsbygg gjennomfører ein betydeleg eigedomsreform gjennom å byggje, drive og selja eigedom for Forsvaret.

Frode Sjursen, administrerande direktør i Forsvarsbygg, meiner resultatet for 2006 syner at verksemda bidreg til auka verdiskaping for Forsvaret gjennom stadig betre leveransar, meir nøgde kundar og kostnadseffektivisering.

Store kutt
– Vi ser nå for alvor resultatet av Forsvarsbygg sitt arbeid dei siste åra. Vi har minska Forsvaret sitt areal med to millionar kvadratmeter. Kostnadane knytt til eigedom er kutta med 800 mill kroner årleg. Vårt arbeid har dessutan gjort at kostnadane knytt til eigedomsverksemda i Forsvaret er blitt meir synleg og oversiktelege, seier Sjursen.

Mykje til departementet
Regnskapstala for 2006 syner at Forsvarsbygg leverer eit resultat på 526,2 millionar kroner målt etter kontantprinsippet. Av dette er 501 millionar kroner overført til Forsvarsdepartementet i løpet av året. Pengane er nytta til investeringar i Forsvaret. Resten er satt av i eit reguleringsfond. I samråd med Forsvarsdepartementet blir fondet disponert til prioriterte formål i og utanfor Forsvarsbygg i framtida.

Attende til Forsvaret
Forsvarsbygg Utvikling, som byggjer og rehabiliterer Forsvarets eigedomar, leverte gjennom året totalt produksjonsvolum på 1516 millionar kroner. Forsvarsbygg Utleie genererer størstedelen av Forsvarsbygg sine driftsinntekter gjennom utleieinntekter og sal av eigedomstenester, totalt 2173 millionar kroner i 2006.

Skifte Eiendom nådde Stortinget sine reviderte krav for 2006 på 411 millionar kroner. Sal av forsvarseigendomar ga eit endelig netto kontantresultat på 433,4 millionar kroner. Dette er midlar som går direkte attende til drift og modernisering av Forsvaret. Det vart avhenda omlag 295 000 kvadratmeter eigedom i 2006.

Inntekter frå festningane
Forsvarsbygg Rådgivning sal i 2006 rådgjevingstenester for 82,3 millionar kroner. Nasjonale Festningsverk (NFV) nytta 36,6 millionar kroner på grunnleggjande og verdioppretthaldande vedlikehald av festningsanlegga. Vidare tente NFV inn 41,3 millionar kroner på leigeinntekter og 6,5 millionar kroner på sal av rådgjevingstenester både til og utanfor Forsvaret.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.