
|
Snart klar for nye tokt
KIEL: Etter to års overhaling og fleire månader med testing er KNM Uthaug snart fullt operativ att. Måndag starta den siste storsjekken for ubåten: trykkdokka i Kiel.
Av Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter

| | TRONGT: Det er ei sann navigasjonsøving å få den 59 meter lange undervassbåten inn i trykkdokka i Kiel. |
I to døgn har KNM Uthaug lege i dokka for å få undersøkt om skroget tåler trykket ubåten vert utsett for på maksimalt dykkedjup.
– Overhalinga er som ein ”megaservice” på ein bil, seier ansvarleg inspektør Tore Arnesen Wensel frå Forsvarets logistikkorganisasjon systemstyring maritime kapasiteter undervannsbåter (Flo Sm Uvb).
Grundig testing
I slutten av november i fjor vart KNM Uthaug henta ut frå ein bunker på Laksevåg i Bergen. Då hadde ubåten vore inne til overhaling i rundt to år.
- Sjølve hovudoverhalinga, som gjekk føre seg på Laksevåg, har teke om lag to år. Ubåten har vorte demontert ned til minste detalj og alt har vorte overhala. Etter ein slik grundig sjekk kan ein seie at fartøyet er på same nivå som då det var nytt, forklarer Wensel.
Sidan ubåten forlét bunkeren har han vore gjennom ei rekkje testar. I førre veke, då KNM Uthaug segla utanfor Stavanger, vart mellom anna sonarar og radarutstyr kontrollerte. Etter nærmare to og eit halvt år med overhaling og testar byrjar ubåten no å nå full operativ evne.

| | GRUNDIG SJEKK: Inspektørar frå Forsvarets logistikkorganisasjon undersøkte ubåten før han vart testa i trykkdokka. Til venstre er inspektør Tore A. Wensel. |
Siste stopp: Kiel
Undervassbåten har to skrog: eit formskrog og eit trykkfast skrog. Det er sistnemnde som vert testa i Kiel. KNM Uthaug har til no vore gjennom fire såkalla SAT-nivå (Sea acceptance test). Fartøyet skal etter kvart nå nivå seks.
- Her i trykkdokka kjører vi SAT5 – vi undersøkjer altså om ubåten tåler trykket ved maksimalt dykkedjup. Vi bruker å seie at når fartøyet er ferdig i Kiel, så er det klart til operativ drift, fortel kapteinløytnant Wensel.
KNM Uthaug må, i likskap med alle andre norske ubåtar, innom Kiel for å verte testa i trykkdokka. Slike dokker finst nemleg ikkje i Noreg. Sjølve undersøkinga skjer ved at undervassbåten vert kjørt inn i ei trykkdokk. Der vert alt vatnet tappa ut, slik at inspektørar frå Forsvarets logistikkorganisasjon kan ta ein kikk på ubåten sitt formskrog. Vidare blir heile trykkdokka fylt med vatn. Til slutt skapar vatnet eit trykk tilsvarande det ubåten vert utsett for på havdjupet.

| | SNART KLAR: KNM Uthaug har til no vore gjennom ei to år lang overhaling i Bergen og nesten tre månader med testing. |
Onsdag ettermiddag kunne inspektør Wensel fortelje at alt hadde gått etter planen:
- Testinga gjekk heilt problemfritt. Ubåten er no sertifisert for segling på maksimalt dykkedjup, som i fredstid er meir enn 200 meter under havoverflata.
Tryggleika kjem først
Kvart sjuande år må alle norske ubåtar gjennomgå ein stor overhaling på Laksevåg i Bergen. Der blir fartøya undersøkt og heldt ved like i minst eitt år. I går segla KNM Uthaug heim att til Haakonsvern. Undervegs skal ubåten ta dei siste testane for SAT6. Då vert det kontrollert at fartøyet har nådd full operativ evne.
|

|