
|
Lærlingar på djupt vatn
For første gong skal lærlingar i Forsvaret få moglegheita til å ta fagbrevet på djupt vatn. – I løpet av året vil vi tilby lærlingplassar på ubåtar, seier sjefen for Undervannsbåtvåpenet, kommandør Erik Bøe.
Av Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter
Det er spesielt skipsteknikarar det er behov for på norske ubåtar, men òg i fag som våpenteknikk og operativ styring er det planlagt å ta inn lærlingar. Men ei slik ordning krev mykje ressursar og god oppfølging, for under vatn er det ikkje rom mange for feil.

| | LÆRLINGAR: Ifølgje kommandør Erik A. Bøe vil lærlingar snart vere å finne på norske ubåtar. Arkivfoto: Torgeir Haugaard, Forsvarets mediesenter. |
Trongt om plassane
Ifølgje kommandør Bøe vil det i første omgang berre dreie seg om eit fåtals plassar på ubåtane.
– I starten vil det totalt berre bli snakk om ein til tre lærlingar. Deretter får vi sjå korleis det går. Det nyttar ikkje å fylle opp båtane viss ordninga skulle vise seg å ikkje fungere skikkeleg, fortel han.
Bøe presiserer at grundig planlegging og duglege lærarar er heilt naudsynt for at lærlingane skal få ei trygg og effektiv opplærling.
– Vi må ha lærarar med lang fartstid på undervassbåtane. Dei må altså ha erfaring og vere pedagogiske, forklarer kommandøren.
Rekruttskulen først
I likskap med andre som vel Forsvaret som sin lærlingplass, må òg lærlingar som vil på ubåt først gjennomføre grunnleggjande soldatopplæring.
– Lærlingane må først gjennomføre Sjøforsvaret sin rekruttskule på Madla. Der vil dei bli plukka ut og få tilbod om lærlingkontrakt på ubåt. Det er sjølvsagt ikkje ugunstig om søkjarar, i tillegg til den faglege bakgrunnen, har nautisk erfaring – det er bra med litt ballast, seier Erik Bøe.
Han fortel vidare at Undervannsbåtvåpenet heile tida er i dialog med rekruttskulen på Madla for å finne ungdom som er egna for teneste i havdjupet. Viss ordninga gir gode resultat, er det ikkje uaktuelt å utvide talet på lærlingar på djupt vatn.
|

|