Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold

Om Forsvarsnett
 


Thomas Olsen Gramstad, 2007-03-09



Til stades, men usynleg

STAVANGER/KIEL: «Innbrot av sjøvatn!». Alarmar og klokker ringer. Alle mann spring til postane sine. Få sekund seinare er alt under kontroll. – Øvinga gjekk bra, vert det konstatert over høgtalarar i KNM Uthaug.

Av Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter

Foto: Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter
KNM UTHAUG: Mannskapet på KNM Uthaug meiner det alltid er godt å kome på land, men desto betre å dra til havet att.

«Mottoet vårt: 'On scene, but unseen'»
– Erik Bøe, sjef Undervannsbåtvåpenet

Sjølv om KNM Uthaug berre er på ein overfart til Tyskland, betyr det ikkje at mannskapet om bord ligg på latsida. Under heile turen frå Stavanger til Kiel trena besetninga på ulike katastrofescenario.
– Norske ubåtar skal alltid vere klar for det verste, fortel sjefen for Undervannsbåtvåpenet, kommandør Erik A. Bøe.

Alltid klar
Det dryp væske frå taket. Mykje væske. Nok til at einkvar nybyrjar på ubåt ser livet passere i revy.
– Det er berre kondens, forsikrar våpenassistent Erlend Grøner.

Han er ein av tre som avtener førstegongstenesta på ubåten KNM Uthaug. Saman med to matrosar og seksten offiserar løyser dei oppdrag frå Fellesoperativt hovudkvarter i Stavanger. Norske ubåtar driv vanlegvis med etterretning, overvaking og rekognosering. I tillegg deltek dei på ei rekkje maritime øvingar. Dette krev mykje jobbing frå mannskapet si side. Som regel får ingen meir enn fire timar samanhengande søvn.

– Det er vaktskift heile tida. Eg veit ikkje lenger om det er natt eller dag. Men ein blir faktisk vant til det, seier utskrevet meinig Grøner.

Foto: Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter
TRENING I HAVDJUPET: – Det er ikkje så lett å springe 3000-metaren her, spøker fenrik Christian Berg-Jensen. Styrketrening derimot, er populært på ubåten.

21 mann, 60 meter
Undervassbåten er ikkje berre arbeidsplassen for den 21 mann store besetninga. I det 59 meter lange røyret skal dei òg sove, ete og ha det moro – altså leve. Tokta kan vare i fleire veker, og i havmørket kan ein berre sjå langt etter internett og mobiltelefonar. Likevel går ikkje mannskapet på skottet av den grunn.

– Ein må vere utruleg tolerant og audmjuk. Det er ikkje rom for mange konfliktar. Skulle det bli sur stemning, kan ein prate med verneombodsmannen om bord, fortel Erlend Grøner.

Skipssjefen er den einaste som har eigen lugar. Resten av mannskapet ligg i seks- og sjumannslugarar. Skipssjefen sine hovudoppgåver er å bestemme korleis ubåten skal løyse oppdrag og sjå til at besetninga har det bra.

– Eg meiner det er viktig at ein skipssjef slepp folk til – at dei får prøve å styre skuta av og til. Den største utfordringa ved å vere skipssjef er nok å leggje opp laupet slik at familieforholda vert prioriterte, forklarar tidlegare skipssjef Stian Kloster.

Han har vore på ubåt i elleve år og arbeider no ved ubåttreningssenteret på Haakonsvern.

– Det mest gjevande ved å vere skipssjef er å arbeide med mange flotte menneske i eit veldig bra miljø, legg orlogskaptein Kloster til.

Foto: Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter
EIN LIVSSTIL: Fleire i besetninga meiner tilværa i havmørket nestan er ein livsstil. Alle trekk fram samhaldet og det gode miljøet som den viktigaste årsaka til at livet fungerer om bord på fartøyet.

Fire dimensjonar
Trass i at Sjøforsvaret berre har seks operative ubåtar, er fartøya ein formidabel ressurs.
– Vi hører til eit spesielt våpen som ikkje er atterhelt alle. Vi er stolte over å vere både ein strategisk og taktisk ressurs, forklarar sjefen for Undervannsbåtvåpenet, Erik Bøe.

Han nemner at ubåtar dekker det han kallar fire dimensjonar:
– Vi kan sjå langs havoverflata, under vatn og i lufta. Men sidan norske ubåtar er så små, kan dei òg operere i tronge fjordar. Då kan dei også observere land – den fjerde dimensjonen. Målet vårt er å alltid vere ”on scene, but unseen”, fortel kommandør Bøe.





Relaterte artikler

Ingen relaterte artikler.