Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2007-02-27


Stor tilslutning kring verneplikta

Ei meiningsmåling A.C. Nielsen har gjort for Folk og Forsvar i februar syner at 80 prosent av dei spurde meiner Noreg bør halde på verneplikta.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

Arkivfoto: Forsvarets mediesenter
STOR TILSLUTNING: Særleg kvinner og eldre syner sterk tilslutning til verneplikta. Arkivfoto: Forsvarets mediesenter.

Meiningsmålinga vart gjort i februar. Spørsmålet var "Mener du at vi bør beholde verneplikten?". Dette spørsmålet svarte 80 prosent ja til, 14 prosent nei, medan 5 prosent var usikre.

Positive kvinner
Kvinner var meir positive til verneplikt enn menn, med 84 prosent mot 76 prosent tilslutning. Aldersmessig finn ein høgast tilslutning mellom dei over 60. I denne gruppa var 91 prosent positive til verneplikta. Den lågaste tilslutningen er i segmentet 25–39 år kor den er nede i 69 prosent. Tilslutninga går noko ned med utdanningsnivå, frå 85 prosent blant dei med grunnskuleutdanning til 78 prosent av dei med utdanning frå universitet og/eller høgskule.

Særs nøgd
Oberstløytnant Per-Ivar Norman i Vernepliktsverket seier seg særs nøgd med tala som syner ei varig sterk tilslutning kring verneplikta.
– Tilslutninga synes å vere stabil høg, sier han, og registrerer at kvinner syner ei særskild høg tilslutning.

– Ordninga med verneplikt er eit viktig fundament for at vi skal ha eit forsvar, og verneplikta er sjølve referanseramma og inngangsporten til Forsvaret. Utvidinga av sesjonen til og å omfatte jentene, om enn frivilleg, vil vere med å styrke den allereie høge tilslutninga hjå jentene kringe verneplikta, meiner Per-Ivar Normann.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.