Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Thomas Olsen Gramstad, 2007-03-02


Forskar for mindre forureining

– Det skjer mykje arbeid i Forsvaret for å ta vare på miljøet vårt. Forsvaret tek miljøtrugslar veldig alvorleg, fortalde Kjetil Longva ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) i eit foredrag denne veka.

Av Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter

Foto: Arne Flaaten, Forsvarets Forum.
FORUM: Representantar frå Forsvarets forskningsinstitutt, Forsvarsdepartementet og Universitetet for miljø- og biovitskap var samla på Oslo Militære Samfund for å diskutere forureining på Forsvaret sine skyte- og øvingsfelt. Foto: Arne Flaaten, Forsvarets Forum.

Miljøskadar på og kring Forsvaret sine skyte- og øvingsfelt var tema då FFI-Forum inviterte til foredrag i Oslo Militære Samfund tysdag. Fleire forskarar frå Forsvarets forskingsinstitutt og representantar frå miljøvernorganisasjonar var til stades i forumet.

– Naturen er vårt klasserom
Søkjelyset vart spesielt retta mot forureining forårsaka av såkalla mellom- og storkalibra våpen. Forsvaret har i dag skyte- og øvingsfelt over store deler av Noreg. Saman med ei rekkje andre organisasjonar driv FFI overvaking og tek prøvar av desse områda og skal hindre at Forsvaret sitt forbruk av ammunisjon fører med seg unødige miljøpåverknadar.

– Forsvaret har sett i verk mange tiltak for å minske forureining på skyte- og øvingsfelt. Mellom anna vert all bruk av ammunisjon rapportert, og det skjer aktiv opprydding av ammunisjon og blindgjengarar, sa Kjetil Longva.

Jon Ole Siggerud ved Forsvarsdepartementet peikte på at naturen gir optimale øvingsforhold. Men ein kan likevel ikkje garantere at desse områda ikkje vert forureina.

– Naturen er vårt klasserom. Men Forsvaret må tenkje over kva slags konsekvensar utslepp gir. Derfor må Forsvaret ha kunnskap om miljørisikoar, fortalde kommandørkapteinen.

– Ikkje akutt skadeleg
Det vert konkludert med at Forsvaret sin bruk av ammunisjon er forsvarleg.

– Forureining må helt klart bli tatt på alvor. Vi kan ikkje sjå nokon akutt risiko for forureining av til dømes beiteområde. Forsvaret sin bruk av skyte- og øvingsfelta er forsvarleg, sa Longva.

Arkivfoto: Torbjørn Kjosvold, Forsvarets mediesenter.
FORUREINING: Ifølgje Forsvarets forskningsinstitutt er det ikkje nokon akutt forureining ved Forsvaret sine øvingsområde. Arkivfoto: Torbjørn Kjosvold, Forsvarets mediesenter.

Han nemnde òg ein del miljøverntiltak for områdar med høg risiko for forureining:
– Tiltak kan vere å fjerne forureininga, hindre at organismar får tilgang til dei aktuelle områda og gjere endringar i forbruket av ammunisjon.

- Forsvaret har god tradisjon med å vere medveten på miljøomsyn, og vi ynskjer å vera i front når det gjeld miljøvern, seier forsvarsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen.

- Omfattande miljøomsyn ved etablering av Regionfelt Østlandet og avvekling av Hjerkinn skytefelt er døme på kva for omsyn Forsvaret til miljøet, seier ho.

Professor Brit Salbu ved Universitetet for miljø- og biovitskap ønska Forsvaret lukke til med miljøvernarbeidet:
– Det er bra at Forsvaret ser på desse problema og byggjer opp ein solid naturvernkompetanse. Det er eit opplagt potensial for vidare forsking. Lukke til, slo ho fast.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.