
|
Den siste grensa
– I dag sprengjer vi grenser og byggjer bruer, sa Noreg sin ambassadør til Russland, Øyvind Nordsletten, om forholdet landa imellom.
Av Thomas Gramstad og Vegard Breie (foto), Forsvarets mediesenter

| | SAMARBEID: Noreg sin ambassadør til Russland, Øyvind Nordsletten, ynskjer eit tettare samarbeid mellom norske og russiske militærstyrkar. |
– I nordområda finn vi nervane i Noreg sitt forhold til Russland. Det er der dei fleste felles utfordringane ligg, utfordringar som berre kan verte løyst i fellesskap, fortalte ambassadøren.
”Utviklinga i forholdet Noreg – Russland med særlig vekt på nordområdene” var temaet på Oslo Miltære Samfund i går.
Ting tek tid
Ambassadør Nordsletten kunne fortelje om eit Russland som er i stadig utvikling og som på mange måtar krev meir merksemd no enn tidlegare.
– Russland blir i dag oppfatta som meir radikalt og annleis samanlikna med tidlegare. Landet har styrka sin posisjon på verdsbasis og vert stadig viktigare på mange område, sa han.
Ein stor økonomisk vekst i Russland har mellom anna gitt pengar til oppgradering av landet sine militære styrkar. Ambassadøren meiner dette er heilt naturleg.
– Russiske styrkar har gjennomgått store oppgraderingar. Korleis skal ein tolke det? Eg trur vi må sjå på dette med nøkterne og nøytrale augo, sa Nordsletten.
Ifølgje ambassadøren er kommunikasjonen landa imellom i ferd med å komme på det han kalla eit ”normalt nivå”. Sjølv om utviklinga går rett veg, strekte han under at brubygginga tek tid.
Tettare militærsamarbeid
Nordsletten er overtydd om at samarbeidet mellom norske og russiske militærstyrkar er med på å knyte tettare band mellom landa. Han etterlyser mellom anna felles militærøvingar.

| | SPØRSMÅL OG SVAR: Ambassadøren måtte svare på mange kritiske spørsmål frå tilhørarane under foredraget på Oslo Militære Samfund måndag. |
– I framtida kan det verte aktuelt med felles øvingar for norske og russiske styrkar. Det var representantar frå det russiske forsvaret til stades under Cold Response 07 i indre Troms. Tettare samarbeid er verdifullt for forholdet og for å utveksle erfaringar, påpeikte ambassadøren.
– Engasjement og klarleik
Forholdet mellom Noreg og Russland må, ifølgje Nordsletten, verte basert på engasjement og klarleik frå norsk side. Under spørsmålsrunda på Oslo Militære Samfund måtte ambassadøren svare for korleis han meiner russarane ser på Noreg i militær samanheng.
– Noreg blir ikkje sett på som ei brikke i Nato. Den norske kystvakta, til dømes, har sett seg i respekt dei siste åra. Noreg har ei eiga stemme og det høyrer Russland, svarte ambassadør Øyvind Nordsletten.
|

|