
|
Evaluering av storstilt system
I juni i fjor segla Sjøforsvaret sin nye stoltheit inn i Oslofjorden. Men kampsystemet Nansen er framleis under evaluering. Mykje testing gjenstår, og Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) jobbar med saka.
Av Thomas Gramstad og Vegard Breie (foto), Forsvarets mediesenter

| | EVALUERING: Forskningssjef Elling Tveit (bak t.v.) og prosjektleiar Arne Cato Jenssen jobbar i desse dagar med evalueringa av kampsystemet Nansen. |
Kampsystemet Nansen er sett saman av dei fem fregattene i Fridtjof Nansen-klassa og seks NH-90-helikopter. Det første skipet, KNM Fridtjof Nansen, vart overlevert til Sjøforsvaret i fjor vår, og har sidan då segla gjennom eit hav av testar. I samarbeid med Kysteskadren skal Forsvarets forskingsinstitutt sjå til at fartøyet vert testa skikkeleg. 2010 er fristen for evalueringa.
Operativ evaluering
KNM Fridtjof Nansen har segla under ei rekkje ulike tilhøve for å teste alt frå sonarar til våpensystema. Evalueringa er tidkrevjande og krev mykje planlegging frå alle dei involverte partane.
– Det er ein svært omfattande evalueringsprosess. Fordi systemet er så komplekst, er testinga grundigare enn på noko anna prosjekt vi har jobba med tidlegare, fortel prosjektleiar Arne Cato Jenssen.
Han og om lag 20 andre forskarar ved FFI si avdeling for maritime system arbeider med den operative evalueringa. Planlegginga byrja allereie i midten av 2004.
– Operativ evaluering betyr at vi samlar inn data frå realistiske testar båten har vore gjennom. Mellom anna vert utstyr som sonarar og radarar sett på prøve. Vi skal finne ut kor godt systemet fungerar i praksis, seier Jenssen.
Òg fartøyet sine våpensystem vert kontrollerte - både i røynda og ved hjelp av datamaskinar.

| | TIDKREVJANDE: Dei to forskarane fortel at det ligg mykje planlegging bak testane som vert utførte på KNM Fridtjof Nansen. |
Kontroll og opplæring
At skipet og utstyret om bord kan handsame forskjellige vêrtilhøve, er ei viktig brikke i evalueringa. Men Nansen-klassa er framfor alt eit avansert kampsystem, i stand til å oppdage og ta seg av eit vidt spekter av trugsmål.
– Vi nyttar ofte datasimulasjonar for å slå fast kapasitetane og den beste bruksmåten av våpna. Det er både dyrt og farleg å teste våpen i røynda. Difor simulerer vi mange scenario som til dømes kombinasjonar av ulike trugsmål, vêrtilhøve og geografiske område. Viss vi ikkje hadde brukt datamaskinar, ville vi ikkje vore ferdige før om 30 år, spøker prosjektleiar Jenssen.
FFI leverar testrapportar fortløpande til Kysteskadren og deira treningssenter, men har òg eit samarbeid med skolesenteret på Haakonsvern orlogsstasjon, kor framtidige fregattmannskap vert opplærte.
– Gjennom testane lærer vi også mykje om korleis våpensystema verkar i ulike situasjonar. Dette er nyttig informasjon for dei som skal lære å operere fartøyet, seier Jenssen.
Ikkje komplett
Men den maritime avdelinga ved FFI får ikkje testa kampsystemet Nansen i sin heilskap før helikopteret NH-90 vert levert. Forskarane har til no kome godt i gong med evalueringa av fartøyet sin sonar og radar.
Innan 2010 skal alle dei fem kampsystema i Nansen-klassen vere fullt operative. Men det er berre det første eksemplaret som vert evaluert så inngåande.
– Dei andre fartøya skal naturlegvis bli kontrollerte, men når vi er ferdige med KNM Fridtjof Nansen, kjenner vi systema betre. Det er difor ikkje naudsynt med fullt så grundige evalueringar av resten av skipa, seier Arne Cato Jenssen.
Over påska skal skipet til USA for å teste luftvernsystema og andre kapasitetar.
|

|