
|
Drog Nato-øvinga til Noreg
ØRLAND: Sidan 1997 har flystasjonen på Ørland vore vertskap for Nato Air Meet ikkje mindre enn fire gonger. No skal basen for femte gong arrangere den storstilte Nato-øvinga som i år har fått namnet ”Bold Avenger 2007”.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

| | VÅRLEG MØTE FOR LUFTIG HAUST: Oberst Michael Fleischer (t.v.) og major Kjell Riise er sentrale i arbeidet med å planleggje årets største Nato-øving for luftstyrkane. Foto: Torbjørn Brovold, 138-ving. |
Øvinga ”Bold Avenger 2007” finn stad på Ørland hovudflystasjon i september.
– Staben på Ørland har brei ekspertise på kva som må til. Det har dei prova fleire gonger tidlegare, seier oberst Michael Fleischer frå Component Command Air i Ramstein i Tyskland.
Store formasjonar i åtak
Konkurransen om å få øvinga sto mellom Tyrkia, Polen og Noreg. Når det heile tar laus den 3. september, skal meir enn eitt hundre fly og helikopter fly to gonger to timar heilt fram 15 september. Flystyrkar frå tolv nasjonar, i tillegg til Nato, tek del i øvinga.
Den danske obersten seier at planlegginga for øvinga er i full gang, men at mykje står klart.
– Det som er sikkert er at vi skal ha store formasjonar av jagarfly i angrep mot komplekse og godt forsvarte mål, seier oberst Michael Fleischer.
Til å danne dei nemnde formasjonane vil om lag 75 jagarfly ha Ørland som base under øvinga. I tillegg kjem fleire transportfly, tankfly, overvakingsfly og helikopter.
– Ørland er særskild godt egna til å halde øvingar av ein slik storleik. Basen har den naudsynte ekspertisen på logistikk, vedlikehald og transport, fastslår dansken.

| | UTLENDINGANE NYTTAR ØRLAND: Fleire Nato-land, til dømes Frankrike, nyttar jamleg Ørland for å trene. Foto: Torbjørn Brovold, 138-ving. |
Vareopptelling
Major Kjell Riise er lokal prosjektoffiser. Han leiar prosjektorganisasjonen som skal skal førebu Nato-øvinga på Ørland på flystasjonen. Riise seier at arbeidet med å førebu Nato-øvinga er godt i gjenge.
– Vi fekk vite at Ørland skal vere vertskap for øvinga i oktober i fjor. I november vart det arrangert ein oppstartskonferanse. På konferansen som no finn stad, blir planane lagt på detaljnivå. Vi veit sjølvsagt at øvingar av ein slik storleik sett ekstra store krav til oss. Vi må ikkje minst samle inn ekstra utstyr deltakarane meiner er naudsynt, seier major Riise.
Etter påska skal Riise og resten av prosjektgruppa på Ørland ta ei gjennomgang av kva dei har og kva dei treng slik at dei kan møte dei krava som settes til adekvat infrastruktur i samband med øvinga.
Vil informere
– Vi har nok sengeplassar, men vi veit allereie no at vi skal skaffe fleire kontor-containerar. Vi har og begynt å tenke på informasjonsarbeidet som må gjerast både i forkant og under øvinga, for øvinga vil heilt klart merkast av fleire enn oss som er direkte involvert, seier prosjektoffiser, medan eit passerande jagarfly illustrerar poenget med eit øredøyvande brak.
|

|