Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Thomas Olsen Gramstad, 2007-03-30


Direktelinje til hjelp

Sidan 1994 har Forsvaret og Kirkens SOS samarbeida om ei Grøn linje for tilsette i Forsvaret og deira pårørande. Krisetelefonen er berre eit av fleire sjølvmordsførebyggjande tiltak i Forsvaret.

Av Thomas Gramstad og Jon Anders Skau (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Jon Anders Skau, Forsvarets mediesenter
KIRKENS SOS: Maria Wolstad (t.h.) frå Kirkens SOS fortel at samarbeidet med Forsvaret fungerer heilt utmerka og at det vil halde fram i tida som kjem.

Torsdag kveld var om lag 50 frivillige frå Kirkens SOS samla på Akershus festning for å lære meir om Forsvaret som organisasjon. Berre i Oslo er det 120 frivillige personar som svarar på Forsvaret sin krisetelefon Grøn linje. Nokre telefonar er av svært alvorleg grad.

Gjeld òg Forsvaret
Sidan oppstarten har krisetelefonen for forsvarstilsette motteke om lag 15 000 oppringingar. Berre i fjor var talet ein stad mellom 800 og 1200 anrop. 300 av dei var tilsette som trengde å prate med nokon.

Sjølvmordsførebyggjande arbeid er ein del av det psykososiale arbeidsmiljøet i Forsvaret og er eit prioritert område innan helse, miljø og sikkerheit (HMS).
– Sjølvmord kan i utgangspunktet verte førebyggja, og det er difor har vi dette tilbodet, seier ho.

Men krisetelefonen er ikkje det einaste hjelpetiltaket Forsvaret har.

Foto: Jon Anders Skau, Forsvarets mediesenter
TILTAK: - Sjølvmordførebyggjande tiltak er ein del av Forsvaret sitt psykososiale arbeid og er høgt prioritert i HMS, seier Elisabeth Næss.

Mange årsaker, mange tiltak
Vanskelege økonomiske tilhøve, familieproblem og påkjenningar som følgje av deltaking i internasjonale operasjonar, er berre nokre moment som kan føre til livskriser. Sjølv om det vert jobba mykje med å ta vare på personell tilknyta Forsvaret, vil det alltid vere nokre som ikkje får den hjelpa dei treng.

– Alle personellgrupper i Forsvaret kan og har kontakta Grøn linje. På tross av eit stort apparat vil Forsvaret ikkje kunne klare å førebyggje absolutt alle tilhøve, uttaler sjefen for Forsvarets personelltjeneste, oberst Per Anders Volden.

Ei rekkje andre tiltak vert òg praktiserte, mellom anna eit kurs som heiter Vivat. Der lærer deltakarane å prate med personar i kriser og å gjere ei enkel risikovurdering for å redde liv. Om lag 550 tilsette i Forsvaret har tatt dette kurset.

– Vi har eit eiga førstehjelpskurs, Vivat, som skal hjelpe ved fare for sjølvmord. I tillegg har vi ”Et rop om hjelp”, som er eit undervisningsprogram for vernepliktige, fortel Elisabeth Næss og legg til:

– Eit sjølvmord er eit for mykje. Vi har alle eit ansvar, og vi må vere vakne og fange opp signal frå kolleger og andre som måtte ha problem. Viss desse personane får prate med nokon dei kan tru seg til, kan det vere av avgjerande betydning for om dei vel å ta sitt eiga liv eller ikkje. Det er ei av årsakene til at vi har Grøn linje.

Forsvaret sin krisetelefon Grøn linje er kostnadsfri når ein ringer frå fasttelefon og er tilgjengeleg 24 timar i døgnet. Innringarane kan vere anonyme.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.