
|
Siktar mot himmelen
Talet på søkjarar til Luftforsvaret sin flygarskule har auka kraftig. Òg stadig fleire jenter siktar mot himmelen. – Det er flott at talet er så høgt, seier fungerande sjef ved skulen, Svein Gillebo.
Av Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter

| | LUFTCAMP: Om lag 100 personar deltok på Luftforsvaret sin camp på Bardufoss i november i fjor. Foto: Vegard Breie, Forsvarets mediesenter. |
Talet på søkjarar auka i fjor til 541, noko som er nesten ei dobling samanlikna med året før. Av desse søkjarane er 70 jenter.
– Eg trur Luftforsvaret har klart å bevisstgjere kva forsvarsgreina har å tilby, fortel major Gillebo.
Blir meir synleg
For å synleggjere utdanningstilbodet ved flygarskulen har Luftforsvaret gjennomført ei rekkje arrangement. Mellom anna har det vert heldt to luftcampar.
– Rekrutteringsarbeidet har gitt gode resultat. På luftcampen på Bardufoss deltok om lag like mange jenter som gutar, og interessa for flygarutdanning er stor, seier fungerande sjef ved Luftforsvaret sin flygarskule.
Skulen har som mål å utdanne rundt 20 flygarar kvart år. Med den store auken i talet på søkjarar, ser framtida lys ut for Luftforsvaret.
Held fram
Major Gillebo meiner rekrutteringsarbeidet bør halde fram slik at Luftforsvaret vert meir tilgjengeleg for potensielle søkjarar.
– No som det er frivillig sesjon for jenter, får alle ei moglegheit til å søkje, fortel majoren.
|

|