Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Thomas Olsen Gramstad, 2007-04-20


Drypande ferske livreddarar

RENA: For å auke vernebuinga i tilfellet ulukker har Forsvaret no utdanna eigne redningsdykkarar. I går fekk dei nye livreddarane det hektisk då kurset vart avslutta med ein eksamen.

Av Thomas Gramstad og Jon Anders Skau (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Jon Anders Skau, Forsvarets mediesenter
I VATNET: Hæren sine nye redningsdykkarar hadde ein avsluttande prøve i går. Den besto dei med glans.

I samarbeid med Falck Aak Rescue og Falck Nutec har Hæren arrangert eit ni dagars langt kurs for dykkarar i forsvarsgreina. Målet var å skolere dei for å kunne handsame ulukker kor personar hamnar i vatnet.

Eldprøve i vatnet
Dei ti nyutdanna redningsdykkarane er meinige, grenaderar og befal stasjonerte i heile landet. Under rettleiing av to instruktørar frå Falck Aak Rescue har dykkarane trena på alle moglege situasjonar – alt frå kjøretøy som hamnar i vatnet til personsøk.

– Redningsdykkarane har kompetanse til å drive søk på ei rekkje område, mellom anna i elver og i islagte vatn, fortel løytnant Anders Bjørkheim ved Hærens våpenskole.

Og det var ikkje mangel på nett kompetanse då dykkarane hadde ein avsluttande prøve på Rena i går. I alt tre personar var hamna i vatnet. Ein var fanga inni ein bil på havsens botn.

– Øvingane er svært realistiske. Dykkarane er alltid letta og nesten rørte når dei finn og reddar markørane, seier Bjørkheim.

I laupet av få minutt var situasjonen under kontroll. Alle vart redda og eksamen var bestått.

Foto: Jon Anders Skau, Forsvarets mediesenter
NØGD: Løytnant Anders Bjørkheim er særs nøgd med innsatsen til dykkarane.

Meir enn berre dykking
Kurset, som gjekk over ni dagar, fann stad i Bergen og på Rena i Hedmark. Forutan å øve i vatnet, har deltakarane hatt førelesningar med krisepsykologar og rettsmedisinarar. Redningsdykking handlar vel så mykje om psyke som dykkarferdigheiter.

– Det er viktig at mannskapet kan takle usikkerheit, psykisk stress og andre sine reaksjonar på ein skadestad. Forsvaret har tidlegare nytta skipsdykkarar til redningsoperasjonar i vatnet – utan at dei hadde vorte trena på desse momenta, seier Leif Linde, dagleg leiar ved Falck Aak Rescue.

I laupet av halvanna minutt skal redningsdykkarane vere klare til å hoppe i vatnet for å yte bistand – til militært personell så vel som sivilistar. Det gjer dykkarane etterspurte.

Foto: Jon Anders Skau, Forsvarets mediesenter
REDNING: Redningsdykkarane fekk i laupet av kort tid henta opp alle frå det kalde vatnet.

Ettertrakta vare
Det er liten tvil om at dei nye redningsdykkarane er ein naudsynt kapasitet. Til vanleg er det brannvesenet sine dykkarar som rykkar ut til ulukker. Ingeniørdykkarane i Hæren, som elles driv arbeid for Forsvaret, skal no stå på vernebuing og er klare til å aksjonere viss det er naudsynt. Men førebels er det ikkje teke stilling til korleis desse livreddarane skal verte disponerte av Forsvaret.

– Det kan eg ikkje svare på. Men eg skal i alle fall gjere mitt for at fleire dykkarar i Forsvaret får denne utdanninga, lovar løytnant Anders Bjørkheim.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.