
|
Heidrar lita kjempe
BERGEN: Ein mektig hall. Eit mektig korps. Ei mektig stemning. Forsvarets Musikkorps Vestlandet legg no ut på turné for å heidre 100-årsminnet for Edvard Grieg. Det heile starta i Bergen, komponisten sin heimby.
Av Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter

| | MANNSTERKT: Musikkorpset som reiser på turné, tel 32 personar. I tillegg skal pianisten Håvard Gimse og skodespelaren Minken Fosheim vere med. |
Som ein del av minnesmarkeringa av Edvard Grieg legg Forsvarets Musikkorps Vestlandet ut på ein tysklandsturné. Med seg på laget har det 32 mann store korpset den verdskjente norske pianisten Håvard Gimse og skodespelaren og forfattaren Minken Fosheim. Men før reisa ut i den store verda tok til, fekk musikkinteresserte bergensarar ein liten smakebit på kva korpset har å by på.
Klassisk med puls
Tonar frå klassisk musikk sluker alt og alle i Håkonshallen på Bergenhus festning. Ein pianist held på å falle av stolen medan han hamrar laus på tangentane. Stilla kan ikkje gøyme seg, sjølv i den store hallen. Grieg sin A-mollkonsert har nådelaust teke kommandoen. Og slik held det fram, for soldatane er godt trena.
– Alle våre musikarar er offiserar med høgare musikalsk utdanning, forsikrar kunstnarisk leiar og dirigent Trond Korsgård.
I nærmare to timar leiar han troppen sin gjennom slag etter slag. På slagmarka kan Ranghton Larsen (84) konstatere at musikkorpset absolutt er klart for Tyskland:
– Konserten var helt fantastisk. Eg likte alt eg hørde, seier den gamle forsvarsmusikaren.

| | SOLIST: Håvard Gimse, som er ein meget kjent pianist i Skandinavia, ser fram til å jobbe med musikarane frå Forsvarets Musikkorps Vestlandet. |
Når storleiken tel
Forsvarets Musikkorps Vestlandet spelar til vanleg kyrkjekonsertar, barnekonsertar, i store selskap – kort sagt ”musikk for eitkvart høve”. Stort selskap blir det i alle fall når korpset entrar scena i Berlin 29. april. Både musikarane frå Forsvaret og pianospelaren Håvard Gimse ser fram til turneen.
– Det er kjempeartig å spele saman med desse musikarane. Eg kjenner ein del av dei frå tida då eg gjekk musikkskulen. Korpset har nok nokre av dei beste musikarane i landet, så eg gler meg til turneen i Tyskland, seier Håvard Gimse før han hastar av garde til ein annan spelejobb.
Selskapet Grieg 07 har ansvaret for den norske og internasjonale markeringa av det store Grieg-året. Turneen Forsvarets Musikkorps Vestlandet reiser ut på, er ein del av det fastsette programmet. I Tyskland vil korpset samarbeide med tyske musikarar for å heidre Edvard Grieg, ei lita kjempe.
Forsvarets Musikkorps Vestlandet sin tysklandsturné
29. april: Berlin
30. april: Dallgow-Dõberitz
2. mai: Erfurt
3. mai: Leipzig
4. mai: Gotha
|

|