
|
Vann "NM" i personalutvikling
Forsvarets spesialkommando/Hærens jegerkommando vann "Kompetanse- og utviklingsprisen" som årleg delast ut av Human Resources Norge.
Av Frank Rosvoll og Torgeir Haugaard (foto), Forsvarets mediesenter

| | BEST I DET MESTE: HJK; no også best innan personal- og organisasjonsutvikling. Frå venstre major og personalsjef Arne Tuskin og Joar Eidheim, oberstløytnant og nestkommanderande ved HJK. |
Kompetanseprisen vart vunne av Forsvarets spesialkommando/Hærens jegerkommando (FSK/HJK), for sin dynamiske lærings- og betringskultur, der både korte og langsiktige kompetansetiltak er viktige elementar, ifølge Human Resouces Norge (HR Norge).
- Flott anerkjenning
Representantane frå FSK/HJK var sjølvsagt stolte over at avdelinga mottok ei slik annerkjenning for arbeidet som gjerast for personellarbeidet ved avdelinga.
- Vi er særs stolte av å ha vunne denne prisen, ikkje minst når vi veit at vi har verte samalikna med det ein må kalle hjørnesteinar innan norsk næringsliv. Det er ein inspirasjon for oss som jobbar i avdelinga, og vi trur den vil styrke inntrykket av FSK/HJK som ein attraktiv arbeidsplass samstundes som vi er ein truverdig militær kapasitet, sa oberstløytnant Joar Eidheim, nestkommanderande ved FSK/HJK.
Tidlegare vinnarar av prisen er til dømes Statoil, Tine, Norske skog, Gjensidige og Snøhetta Arkitektkontor. Ikkje noko dårleg selskap å hamne i lag med, med andre ord.
Satsar på personalutvikling
HR Norge er ein medlemsorganisasjon for alle som arbeider med - og er interessert i personaladministrasjon, organisasjon, rekruttering, og leiing- og kompetanseutvikling. Prisen frå HR Norge er ei utmerking som vert gjeve til verksemder som har gått nye vegar innan personal- og organisasjonsutvikling, og som satsar på på auka eller breiare kompetanse for dei tilsette.
Prisvinnaren har satt kontinuerleg kompetanseutvikling i system, og priskomiteen oppgjev at dei vart særskild imponert over FSK/HJK si solide planleggjing, gjennomføring og evaluering av ulike kompetansetiltak.
IA-bedrift
FSK/HJK har lenge jobba med at det skal vere lov å vere sjuk, sjølv om yrket er å vere spesialjeger. Problemstillinga ved HJK har ikkje nett vore at folk driv på og sjukmeldar seg i tide og utide. Dei har jobba med å etablere haldningar som gjev grunnlag for at det er lov å vere sjuk, - lov å seie i frå om det, lov til å ha ein dårleg dag.
- HJK nyttar store ressursar på å selektere og utvikle personellet. Vi ynskjer at dei vert verande lenge hjå oss. Hvis ein skadd person let vere å seie frå om at vedkommade er skadd, og dreg på jobb som vanleg, gjer han både seg sjølv og avdelinga ei bjørneteneste. Konsekvensen kan til dømes vere at ein person må slutte som følgje av å ha pådratt seg ein skade som skulle ha vore behandla. Vi ynskjer heilt klart at folk skal ha lov til å vere sjuke, og det skal vere lov til å seie det. Som IA-bedrift jobbar vi med å ytterleg betre arbeidet med å ivareta dei tilsette, sa oberstløytnant Joar Eidem.
- Lær av FSK/HJK, seier Pøs-sjefen
- Som personellansvarleg i Forsvaret gratulerer eg FSK/HJK med prisen. Det er flott at ein avdeling i Forsvaret har fått "kompetanseprisen" av HR Norge. Eg veit at dette er ein pris som heng høgt, og vi vil sjå på korleis fleire avdelingar kan lære av måten FSK/HJK arbeider med kompetanseutvikling, seier sjef for Personell-, økonomi og styring, generalmajor Espen Amundsen.
|

|