Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2007-04-26


Underteikna kampflyavtalar

Forsvarsministrane frå Noreg og Sverige, Anne-Grete Strøm-Erichsen og Mikael Odenberg, underteikna i dag samarbeids- og industriavtalar i høve kampflyprosjektet i Forsvaret.

Av Frank Rosvoll og Torgeir Haugaard (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Torgeir Haugaard, FMS
NORDISK AVTALE: Avtalen med Sverige tryggar eit nordisk alternativ i den vidare prosessen i kampflyprosjektet.

- Det skal vere reell konkurranse mellom tre reelle konkurrentar, noko avtalane med Sverige og JAS Gripen er med å trygge, sa statsråd Strøm-Erichsen.

To avtalar
Den eine avtala er ei samarbeidsavtale mellom det norske forsvarsdepartementet og svenske styresmakter knytt til kampflykandidaten Gripen. Den andre avtalen omhandlar industrielt samarbeid om vidare utvikling av Gripen og andre tilknytte prosjekt, og er mellom det norske forsvarsdepartementet og Gripen International AB.


GRIPEN ER MED: Det svensk-produserte kampflyet er ein av kandidatane i det norske kampflyprosjektet. (Foto: Gripen International)

- Reellt kandidatur, reell konkuranse
Den norske forsvarsministeren streka under kor viktig avtalen med svenskane er i prosessen med å skaffe nye kampfly til Forsvaret.

- Det er lærerikt og spanande å ha Gripen med på banen. Hausten 2008 skal vi kome med eit framlegg til avtale om kampfly for Stortinget. For oss er det viktig at vi kan leggje fram eit forslag som inkluderer ei god industriavtale, sa Strøm-Erichsen.

- Viktig for Sverige
Hennes svenske kollega, forsvarsminister Mikael Odenberg, heldt fram at avtalen er viktig for Sverige, og at den vil vere med å styrke dei allereie gode tilhøva mellom Sverige og Noreg.

- Med avtalen forpliktar Sverige seg til å bidra til at Noreg har det underlag som er naudsynt i anskaffingsprosessen. Avtalen markerar og eit potensiale for eit styrka og vidare samarbeid utover denne avtalen. Det finns ei lang rekkje med områdar vi kan samarbeide på, og ikkje bare om kampfly, sa den svenske forsvarsministeren.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.