Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2007-04-27


Prematurt ordskifte om FS07

- Forsvaret kan ikkje gje seg ut i eit offentleg ordskifte, det vere seg med avvisningar og stadfestingar, om innhaldet i Forsvarsstudie 07 da arbeidet med studiet framleis går føre seg, seier forsvarssjef Sverre Diesen.

Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

Foto: Fredrik Ringe, Forsvarets mediesenter
VENTAR: Det er ikkje aktuelt å gje detaljer frå Forsvarsstudie 07 før eit fullstendig bilete ligg klart, slår forsvarssjefen fast. (Arkivfoto: Fredrik Ringe, Forsvarets mediesenter)

- Det er forståeleg at lokal- og regional media er opptekne av kva for framlegg ein vil finne i forsvarsstudiet. Like forståeleg bør det vere at Forsvaret ikkje kan bidra i eit offentleg ordskifte om innhaldet i Forsvarsstudie 07 (FS07) mens arbeidet med studiet framleis går føre seg, poengterar Diesen.

Arbeidet med FS07 vil halde fram over sumaren og vert overlevert til forsvarsministeren i løpet av oktober. Det vil ikkje vere aktuelt frå Forsvaret si side å gje detaljer frå studien før eit fullstendig bilete ligg klart.

Heilskapleg vurdering
Dei fleste avgjerdslene i studien heng saman med andre delar av forsvarsverksemda. Til dømes må ein ha eit meir detaljert bilete av framtida til både Sjøforsvaret, Luftforsvaret og Heimevernet før ein kan gjere endringar med Hæren.

- Forsvaret må sjåast som ein heilskap i høve til kva for kapasitetar vi skal sitte med i framtida, framhevar Sverre Diesen.

- Ei utgreiing, ikkje ein plan
- Råda vil verte gjeve frå meg til statsråden. Det er verd å merke seg at det er ei utgreiing eg skal overrekkje statsråden, ikkje ein plan, seier forsvarssjefen.

- Sjølvsagt vil utgreiinga innehalde vurderingar av både kommandolinjer og kommandostruktur. Det er ikkje noko løynd over dette. Det tyder og at vi må sjå på ei rekkje alternativ kva gjeld operativt hovudkvarter, i likskap med at vi ser på resten av basestrukturen i Forsvaret, legg han til.

Framlegg til tiltak
Bakgrunnen for FS07 er dei store utfordringane Forsvaret har knytt til base- og støttestrukturen som er uforholdsmessig stor i høve til det operative behovet. I tillegg kjem det at det ikkje er langsiktig balanse mellom oppgåver, ambisjonsnivå og budsjettildelingane.

Dersom disse tilhøve ikkje vert endra, vil det få store og negative konsekvensar for Forsvaret si utvikling på sikt. Den viktigaste oppgåva for forsvarsstudien vil vere å kome med framlegg til tiltak som kan sikre eit forsvar kor oppgåver og ambisjonar er avstemt mot dei økonomiske ramane og basestrukturen.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.