
|
Livet i eit røyr
STAVANGER/KIEL: Erlend Grøner (21) hadde fått nok av å vere heime og ynskte å møte nye folk. No bur han i eit 60 meter langt "røyr" langt under havoverflata. – Folk synest vel eigentleg eg er litt gal, seier han.
Av Thomas Gramstad, Forsvarets mediesenter

| | KALDT: Det kan fort bli kaldt å stå fleire timar i tårnet på ubåten. Likevel er det ei viktig oppgåve som må gjerast. |
Erlend Grøner pakkar seg godt inn i klede. Sjølv om det er vennlege tre varmegrader ute, vil to timar i sterk motvind definitivt by på ei kjølig oppleving.
– Eg trur eg har den kulaste tenesta i marinen, seier 21-åringen stolt før han klatrar opp i observasjonstårnet på KNM Uthaug.
Inga kjære mor
Nesodden-guten er berre éin av tre soldatar som avtener førstegongstenesta om bord i ubåten. Saman med seksten offiserar og to matrosar vert all slags sjø og vêr forsert. Oppdraga kan vare i fleire veker – ofte langt frå heimen. Mobiltelefonar og Internett kan ein berre gløyme i havdjupet.

| | UT PÅ TUR: Det gjeld å kle seg godt før ein skal på vakt i tårnet, især viss havet ikkje er i godt humør. |
– Eg har ikkje fått heimelengsel så langt. Folk heime er glade for at eg trivst. Men det er klart eg saknar dama i Bergen litt, innrømmer Erlend.
Med maksimalt seks timar samanhengjande søvn går det slag i slag med vakter for mannskapet om bord i Uthaug. Men ifølgje besetninga er det berre ein vanesak.
– Eg veit som regel ikkje om det er natt eller dag, seier han og legg til:
– Det kan verte mykje surr med vaktskift heile tida. Eg blir døgnvill.
– Nysgjerrigheita tok over
Erlend blei ein del av mannskapet i midten av oktober i fjor. No tenestegjer han som våpenassistent om bord i KNM Uthaug. Før han steig ned i djupet var han gjennom seks vekers rekruttskule på Madla i Stavanger. Då hadde den unge sjømannen ingen aningar om kva for ei teneste han skulle søkje seg til. Men fortviling vart raskt snudd til eldhug for Erlend.
– Det var ikkje før informasjonsdagen på rekruttskulen at eg fekk vite at ein kunne tenestegjere på ubåt. Nysgjerrigheita tok over. Dessutan ville eg ha ei teneste som ingen andre hadde. Eg sendte inn ein søknad og gav alt på rekruttskulen. Brått fekk eg vite at eg skulle på ubåt, seier han.
Som våpenassistent sit Erlend på sonar og overvaker og klassifiserar andre fartøy. Når ubåten seglar på overflata har han òg vakter i utkikkstårnet. I helgene, når KNM Uthaug som regel ligg til kai, må 21-åringen gå gjennom våpenrutinar.
– Det er alltid noko å lære. Eg er heldig som får jobbe saman med smarte og erfarne folk. Det er ei teneste kor ein aldri får slappe av. Her må ein halde tunga beint i munnen, fortel Erlend.

| | BAKKING: Det er ikkje berre fryd og gammen når ein er meinig om bord i ein ubåt. Bakking, det vil seie oppvask, er ikkje alltid like morosamt. |
Klare ambisjonar
Samhaldet mannskapet imellom er det som gjer det mogleg å halde ut i havmørket. Skipssjefen er den einaste som har eigen lugar. Det er ikkje rom for konfliktar når ein jobbar og lever så tett saman.
– Du må vere tolmodig og kunne leve med andre menneske. Audmjuke og toleranse er nøkkelord, forklarer Erlend, som meiner ubåtlivet gir meirsmak.
Han utelukkar ikkje Forsvaret som sin framtidige arbeidsplass.
– Eg skal bestå så mange kurs som mogleg og ta bronsevingen. Eg skal greie det. Viss eg får ei anbefaling av sjefen, kjem eg til å gå vidare. Draumen er Sjøkrigsskolen, fortel utskrive meinig Grøner, før han kryp til sengs. Om ein halv time ventar ei ny vakt.
|

|